Svært vellykka foredrag og praksisøkt med Mons Ivar

Mons Ivar Mjelde kom på besøk til oss i forrige veke for å fortelja litt om si historie, samt å inspirera unge og gamle via eit foredrag torsdagskvelden, etterfulgt av ei praksisøkt lørdag formiddag.

Ca 60 personer med stort og smått dukka opp i gymsalen på Valestrand skule torsdagskvelden. Alle vart vitne til eit inspirerande foredrag der lagbygging og å nå mål saman med andre var litt av tema.

Mons Ivar var full av entusiasme og energi når han prata og det gjorde ingenting at han i tillegg stilte i finaste antrekket. Ein glimrande kombinasjon som førte blant anna til at fleire reiste heim og kasta playstationet og gjekk ut att for å trena.

Lørdagen var det praksisøkt med G13 som objekter. Ca 10 trenarar fulgte heile økta, og som torsdagen vart også lørdagen ein god dag for inspirasjon for ung og gammal.

Me takkar Mons Ivar for impulssamlinga og satsar på at det kan verta meir av slike initiativ i framtida.