BqGEInrIcAA45zT.jpg large.jpg

Furubakken Stadion

Historie

Furubakken Stadion vart bygd som grusbane i 1976-77, og var frå starten ein idrettsplass med løpebane rundt fotballbana, lengdegrop og kasteringar. Etter at Osterøy Stadion vart oppgradert som friidrettsarena, var det ikkje lenger så stort behov for friidrettsdelen på Furubakken. Difor kunne Valestrand Hjellvik FK i 2006 leggja kunstgras på fotballbana si. Det nye dekket er siste generasjon med topp moderne kunstgras, og har vore med på å auka aktiviteten på Furubakken betrakteleg.

Tribune
Tribuna på Furubakken vart også utvida i 2006, slik at kapasiteten no er på ca. 550 sitteplassar. Valestrand Hjellvik FK fekk også 150 plaststolar frå Brann Stadion hausten 2006, og desse vart monterte på den nye Furubakken-tribuna. I 2010 vart det sett opp eit tribunebygg som vert brukt til speakerbod og intervjusone. Ved sida av sittetribuna har supporterklubben ståtribuna si, og her er det vanlegvis plass til opp mot 50 personar. Denne tribuna fekk nytt tak før 2012-sesongen, etter iherdig dugnadsinnsats frå supporterar.

Tilkomst
Furubakken Stadion ligg ca. 500 meter frå ferjekaien på Valestrand, like ovanfor Valestrand Skule. Parkering ved gymsalen like nedanfor stadion. Her ligg også spelargarderobane, medan dommargarderoben ligg i klubbhuset i nordre sving, ved sida av Skulen.