Om Valestrand Hjellvik

Valestrand Hjellvik FK vart grunnlagt 13. desember 1992 etter ei samanslåing av Valestrand IF frå 1978 og fotballgruppa til Hjellvik IL frå 1959. Valestrand Hjellvik sin logo inneheld grønfargen til Valestrand IF og blåfargen til Hjellvik IL, for å symbolisere at den nye klubben har røttene sine i desse klubbane.

Valestrand Hjellvik FK spelar i svarte og kvite drakter. Overdelen har vertikale striper, medan bukser og strømper er heilt kvite. Bortedraktene har raude og svarte vertikalstriper på overdelen, og kvite bukser og strømper.

Klubben sin hovudbase er Furubakken Idrettsplass, som ligg i hjertet av den idylliske bygda Valestrand, heilt sør på Osterøya utanfor Bergen. På Furubakken vart det lagt nytt kunstgrasdekke i april/mai 2006.

Valestrand Hjellvik sitt a-lag på herresida spelar i dag i 5. divisjon i Hordaland Fotballkrets. A-laget starta i 6. divisjon etter samanslåinga, men var nære ved opprykk til 5. divisjon i fleire sesongar. I 1997 klarte dei det endeleg, og berre to år seinare tok laget steget opp i 4. divisjon.

Her har dei spelt sidan, og klubben havna på 3.plass både i 2005 og 2008. I 2009 enda Valestrand Hjellvik nok ein gong på 3. plass, men fekk ein ekstra opprykkssjanse då laget på andreplassen (Os 2) var avhengig av utfallet av kvalik-kampen mellom Os og Austevoll i 3. divisjon for å rykka opp. Valestrand Hjellvik sine supporterar reiste mannsterkt for å støtta Austevoll i desse kampane, men til slutt var det Os som trekte det lengste strået og rykka opp med begge sine lag.

I 2010 kunne endeleg VH feira opprykk til 3. divisjon. I ein svært spennande seriefinale mot Loddefjord, der omtrent alt håp var ute, fekk Valestrand Hjellvik straffespark fem minuttar på overtid. Midtbanegeneral Øyvind Thomassen skreiv seg inn i historiebøkene med si scoring heile 7 minutt på overtid, og heile Osterøy kunne feira at kommunen hadde fått seg eit lag i den nye nasjonale 3. divisjonen. Dermed vart det lange reiser til Rogaland i 2011- sesongen, som til slutt enda med klubben sitt aller første nedrykk. Dermed vart det 4. divisjonsspel i 2012, og laget enda til slutt på ein grei 4. plass.

A-laget på damesida rykka opp til 3.divisjon i 2005, og vart suverene kretsmeistrar i 4.divisjon.  I 2006 kjempa laget heilt i toppen i 3.divisjon, og enda til slutt på ein fin 3.plass.

Året etter mista klubben fleire spelarar, og måtte dessverre trekka laget frå serien. I 2009 er laget endeleg tilbake i seriespel att, og startar då på nytt i 4. divisjon.

VH har ikkje stilt damelag dei siste sesongane...