A-laget - dei første åra

EIN NY FOTBALLKLUBB SÅG DAGENS lys for første gong den 13. desember 1992, etter eit skipingsmøte i gymsalen på Valestrand. Valestrand IF og Hjellvik IL si fotballgruppe vart til Valestrand Hjellvik Fotballklubb.

Det er mykje som skal einast om når to klubbar slår seg saman. Nytt klubbnamn, ny drakt og ny logo er kanskje mellom dei viktigaste tinga, og det var fleire forslag på tavla då den nye klubben skulle skipast på Valestrand denne desemberkvelden for 20 år sidan.

I tillegg til Valestrand/Hjellvik, var også Valhall IF eitt av namneforslaga. Namnet skulle ha i seg delar av fleire bygdenamn;  Val (Valestrand) ha (Hamre, Hauge) og Hjellvik sin dobbel-l. Ein annan tanke med dette forslaget var at klubbnamnet framleis kunne kortast ned til VIF.

Valhall IF nådde ikkje opp mot Valestrand/Hjellvik FK i avstemninga, og klubben hadde fått nytt namn. Berre ein liten detalj vart endra. Agnar Hjellvik kom med forslag om å fjerna skråstreken mellom dei to namna. Han meinte det dermed var mindre sjanse for at Hjellvik-namnet vart korta ned slik det ofte vart med samansette klubbnamn. Forslaget vart vedtatt,og namnet var i boks. Logo vart bestemt med fargar frå dei to gamleklubbane, og dei nye draktfargane vart kvitt og svart.

 Her kan du finna info frå A-laget sine første sesongar.