A-laget 1993

VALESTRAND HJELLVIK SIN FØRSTE SESONG i seriesystemet, og Hjellvikingen Bjørnar Stald var trenar for A-laget som overtok VIF sin plass i 6. divisjon. Han hadde med seg Asle Kallekleiv som hjelpetrenar, og Kjell Grinde var oppmann. Ved oppstart i februar mangla nokre av dei gode gamle spelarane frå 92-sesongen, som hadde gått over til Osterøy.  Laget fekk likevel ein god start på sesongen då dei i mars knuste Osterøy heile 6-0 i finalen i Osterøy Cup på Hjellvik Stadion. I serien gjekk det ikkje like bra, og klubben enda sin første sesong på 11.plass, som var under nedrykksstreken. Den ferske klubben redda likevel plassen i 6. divisjon fordi fleire lag vart flytta til Rogaland krets . Dermed kunne Valestrand Hjellvik FK pusta letta ut, og ta fatt på oppturen.

 

"Brynes mislykkede forsøk på å spille seg opp i eliteserien, samt det faktum at gråsonelagene Etne, Bjoa og Skånevik overføres til Rogaland Fotballkrets,medfører at en rekke Hordalandslag i de lavere divisjoner slipper nedrykk"

SitatBergens Tidende 27. okt. 93

 

Hovudtrenar: Bjørnar Stald

Hjelpetrenar: Asle Kallekleiv

Oppmann: Kjell Grinde

Faksimile av Bygdanytt 30. mars 1993

Kampfakta Osterøy Cup -93

 

Valestrand Hjellvik - Osterøy 6-0 (1-0)

Finale - Hjellvik Stadion

Dommar: Tore Lund, Bruvik

1-0 Alf Magnar Grinde (42 min.)

2-0 Steinar Hauge (62 min.)

3-0 Steinar Hauge (70 min.)

4-0 Gisle Raknes (75 min.)

5-0 Gisle Raknes (79 min.)

6-0 Gisle Raknes (87 min.)