A-laget 1999 - Opprykk til 4. div

VALESTRAND HJELLVIK SIN ANDRE SESONG i 5.divisjon starta dårleg, med berre eitt poeng på dei to første kampane. Men laget kom fort på vinnarsporet, og ved halvspelt serie låg VHFK på 3. plass,eitt poeng bak Lindås, og tre bak serieleiar Laksevåg. Haustsesongen starta med tre strake sigrar, og vips så var VHFK på tabelltoppen. Sjølv om Laksevåg og Lindås aldri var langt bak, klarte Sjur Hopland sine guttar å halda dei på ei armlengdes avstand. I nest siste serierunde vart alt avgjort då VHFK slo Laksevåg 2-0 borte, og opprykket til 4. divisjon var sikra. Valestrand Hjellvik vart også kretsmeistrar denne sesongen, etter siger over Vestsiden-Askøy.

Hovudtrenar: Sjur Hopland

 

Slutt-tabell 1999

 

Plass Lag Kamper Målforskjel Poeng
1 Valestrand Hjellvik 22 68 - 23 48
2 Lindås 22 74 - 34 44
3 Laksevåg 22 51 - 24 40
4 Øygard 22 59 - 29 38
5 Kvernbit 22 48 - 36 32
6 Eidsvåg 22 42 - 49 29
7 Vaksdal FK 22 48 - 65 27
8 Nordre Fjell 22 46 - 59 25
9 Hordabø 22 31 - 60 24
10 Ask 22 35 - 69 23
11 Baune 22 44 - 75 22
12 Straume FC 22 45 - 68 21





Terminliste 1999