14. serierunde

Valestrand Hjellvik knuste opprykksrival.<br /> Øygard med sin 12. strake seier.<br /> Osterøy slapp inn seks mål på ein drøy halvtime.<br /> Laksevåg bort frå bunnstriden.<br /> Her får du alt om den 14. runden i 4. divisjon avd. 1.

Valestrand Hjellvik knuste Ny Krohnborg heile 6-0 på Furubakken seint fredag kveld. I ein forrykande første omgang med lyn og torden scora heimelaget fire gonger på under ti minutt.

Pål Kjetil Tufta var tilbake i startoppstillinga etter bryllupsreise, og takka for tilliten med to vakre scoringar. Storscorar Trygve Nilsen banka inn sitt 10. mål for sesongen og tronar øverst på toppscorarlista til VHFK. Det vart også Tyssejubel i første omgang då Øyvind Tysse sette inn sitt femte mål for sesongen. I andre omgang nytta Jo Solberg muligheten til å gje speletid til ein del juniorar. VHFK var klart best også i denne omgangen, og Rayner Nygård la på til 5-0 før Jonas Hauge avslutta scoringsballet på overtid.

 

Øygard tok sin 12. strake seier i bortekampen mot  Årstad. Heimelaget gjekk svært defensivt ut og hadde kontroll på serieleiaren i ein drøy halvtime, men så var det slutt. Dei raske angriparane til Øygard fekk litt meir rom, og dermed rann måla inn bak ein fortvila Årstad-keeper. Steffen Lie Skålevik noterte seg for to nye fulltreffarar, og er no oppe i 11 scoringar.

I kampen om opprykk ser Øygard etter kvart klare ut for 3. divisjonsspel. Laget har seks poeng ned til Vhfk på tredje plass med ein kamp til gode.

 

Osterøy ligg forsatt på jumboplass etter helgas kampar. I ein tam og kjedeleg førsteomgang mot Trott stod det 0-0 då dommaren blåste pausesignalet. Ein liten time seinare hadde publikum fått sett 9 scoringar på Hatland. Dessverre for Ostringane som hadde møtt opp for å sjå sine gulgrønne heltar ta viktige poeng, gjekk seks av måla bak eigen keeper og alle tre poenga til Trott. No har OIL tapt sine tre første kampar i haustsesongen, og må etterkvart begynna å ta poeng. Visst ikkje er alt håp ute lenge før storkampen mot Valestrrand Hjellvik på Hatland i siste serierunde.

 

Laksevåg tok nok ein trepoengar i den viktige kampen mot Rosendal i går. Dermed er laget på god veg bort frå bunnstriden. Med 5-3 seieren i går gjekk laget forbi både Årstad og Bremnes på tabellen og ligg for øyeblikket på trygg grunn.

 

NHH og Loddefjord delte poenga i ein jevn 2-2 kamp i går. Stian Stenehjem scora sitt 12. mål for sesongen og toppar den lista. På overtid hadde han muligheten på åpent mål, men den 13. scoringa kom ikkje. Eit resultat som passa topplaga i avdelinga godt....

 

14. serierunde

 

Valestrand Hjellvik - Ny-Krohnborg 6 - 0

Osterøy - Trott 3 - 6
Laksevåg - Rosendal 5 - 3
Norges Handelsh - Loddefjord 2 - 2
Årstad - Øygard 1 - 4
Os 2 - Bremnes 5 - 2 

 

Tabell

 

4.div Menn avd.1

Lag K S U T MF MM P
1 Øygard 13 12 0 1 60 20 36
2 Ny-Krohnborg 14 10 1 3 38 26 31
3 Valestrand Hjellvik 14 9 3 2 49 30 30
4 Os 2 14 9 1 4 39 25 28
5 Loddefjord 14 7 2 5 38 30 23
6 Norges Handelsh 13 6 3 4 26 25 21
7 Trott 14 6 1 7 40 32 19
8 Laksevåg 14 5 0 9 31 45 15
9 Bremnes 14 4 2 8 22 37 14
10 Årstad 14 4 1 9 23 43 13
11 Rosendal 14 2 0 12 20 43 6
12 Osterøy 14 2 0 12 23 53 6

 

Scoringstoppen

 

12 mål

Stian Stenehjem Loddefjord

 

11 mål

Tom Andre Axland Ny Krohnborg

Steffen Lie Skålevik Øygard

 

10 mål

Trygve Nilsen Valestrand Hjellvik FK

Mads Århus Fjelstad  Øygard

 

Joens Børs snitt - poeng - kamper

 

Torgeir Rud           5.88 -76.5 - 13

Robert Eikeland      5.79 - 81 - 14

Kalle Fiskå             5.79 - 81 - 14

Are Bryhn              5.68 - 79.5 - 14

Rayner Nygård       5.65 - 73.5 - 13

Øyvind Thomassen  5.63 - 67.5 - 12

Øyvind Tysse         5.58 - 72.5 - 13

Jonas Hauge          5.35 - 69.5 - 13

Pål Kjetil Tufta       5.35 - 69.5 - 13

Vegard Mjelstad     5.25 - 42 - 8

Trygve Nilsen        5.19 - 67.5 - 13

Henning K. Rød      5.06 - 45.5 - 9

Henrik Horsås        5.06 - 40.5 - 8

Thomas Røskeland 4.81 - 38.5 - 8

Ole Morten Tysse  4.72 - 42.5 - 9

 

 

Spelarar som  har spelt mindre enn halvparten av kampane

Magnus Oppheim      5.50 - 16.5 - 3

Remi Helland          5.42 - 32.5 - 6

Kristoffer Bognøy    5.38 - 21 - 4

Glenn Torgersen     5.00 - 15 - 3

Trygve B. Reigstad 4.10 - 20.5 - 5

 

 

Neste runde med tippetips

 

29-08 13:00 Norges Handelsh - Årstad Sikker H
29-08 15:00 Øygard - Laksevåg Sikker H
29-08 15:00 Rosendal - Valestrand Hjellvik Sikker B
29-08 15:00 Bremnes - Osterøy H Sikker H
29-08 15:00 Loddefjord - Trott HB  Åpent. Alt kan skje
30-08 16:00 Ny-Krohnborg - Os 2 UB Tror Osingene vinner.