20. serierunde

Valestrand Hjellvik sikra tredjeplassen.<br /> Opprykkshåpet ute for Ny-Krohnborg og Loddefjord.<br /> Øygard klar for 3. divisjon.<br /> Ingenting er avgjort i bunnstriden.<br /> Les alt om den 20. serierunden i 4. divisjon avd. 1...

Valestrand Hjellvik knuste Loddefjord heile 4-1 på heimebane i helga. Dermed sikra VHFK den viktige tredjeplassen i avdelinga. No kan laget rykka opp til 3. divisjon sjølv med tap i dei siste kampane. Dette fordi Os 2 som i skrivande stund ligg på andreplass er avhengig av at Os 1 må vinna play-off kampane i 3. divisjon. Hvis ikkje Os 1 klarar dette forblir dei i 3. divisjon og då kan ikkje andrelaget rykka opp.

 

VHFK kan sjølvsagt klara andreplassen i avdelinga, men då må dei sannsynlegvis vinna dei to siste kampane mot nettopp Os 2 på Furubakken, og borte mot Osterøy helga etter.

Dette er to vanskelege kampar. Osingane har ikkje avgitt poeng etter sommarferien og lokaloppgjeret på Hatland veit vi blir ein "gysare". Det kan fort bli slik at både Osterøy og VHFK treng tre poeng i den kampen. Osterøy for å overleva, VHFK for å rykka opp.

 

No rasar debatten på supportarsida angåande neste helgs storkamp mellom Valestrand Hjellvik og Os 2. Ein skulle minst tru det var Arsenal mot Manchester United som skulle i elden på søndag. Supporterar, spelarar frå fleire lag i divisjonen og begge lags trenarar har uttalt seg i debatten, på godt og vondt. Ein ting er sikkert! Det blir nerve, innsats, tenning og drama på Furubakken neste helg. Møt opp for å få med deg VHFK sin viktigaste kamp i klubbens historie.

 

Loddefjord tapte som kjent 4-1 for Valestrand Hjellvik i helga, og dermed forsvann siste rest av håp om opprykk for dei. Ny-Krohnborg klarte heller ikkje å vinna i helga. Dei måtte ta til takke med uavgjort mot bunnlaget, Rosendal. Dermed er også bylaget ute av opprykkskampen i år.

Ny Krohnborg hadde ein fantastisk vårsesong og det såg lenge ut til at dei skulle krusa mot 3. divisjon. Men etter å ha fått "grisebank" på Furubakken etter ferien datt laget i saman som eit korthus og poengfangsten utover høsten vart mildt sagt elendig. No blir resten av sesongen totalt utan spenning for desse to laga, men ein god tabellplassering vil nok gi litt lettare motstand  når puljene for neste års 4. divisjon skal settast opp etter jul.

 

Øygard er klar for 3. divisjon etter helgas runde. Dei knuste Bremnes 3-0 og er no klar for opprykk. Laget har hatt ein eventyrleg sesong og har i praksis vore klar for opprykk lenge, men i helga var all tvil borte. Vi gratulerer med opprykket og håpar vi møter dei neste seong også.....

 

Ingenting er avgjort i bunnen av tabellen. Fem lag står forsatt i fare for å rykka ner til 5. divisjon. Osterøy som ligg sist på tabellen var heldige og fekk med seg eit poeng mot Årstad som og kjempar i bunnen.  Rosendal som har hatt ein brukbar haustsesong stjal poeng frå Ny Krohnborg, medan Laksevåg vart rundspelt av Os 2 og tapte heile 8-2. Bremnes tapte som nevnt før 3-0 for opprykksklare Øygard.

 

 

 

03-10-13:00 Ny-Krohnborg - Rosendal 2 - 2 Kampreferat
03-10-15:00 Bremnes - Øygard 0 - 3 Kampreferat
03-10-15:00 Valestrand Hjellvik - Loddefjord 4 - 1 Kampreferat
03-10-15:00 Trott - Norges Handelsh 2 - 2
03-10-15:00 Osterøy - Årstad 0 - 0
04-10-16:00 Os 2 - Laksevåg 8 - 2

 

 

4.div Menn avd.1

Lag K S U T MF MM P
1 Øygard 20 17 1 2 87 34 52
2 Os 2 20 15 1 4 67 34 46
3 Valestrand Hjellvik 20 14 3 3 73 41 45
4 Ny-Krohnborg 20 11 4 5 47 39 37
5 Loddefjord 20 11 3 6 63 41 36
6 Norges Handelsh 20 9 4 7 44 42 31
7 Trott 20 8 5 7 59 45 29
8 Laksevåg 20 5 1 14 43 79 16
9 Årstad 20 4 3 13 28 54 15
10 Bremnes 20 4 2 14 28 58 14
11 Rosendal 20 4 1 15 31 61 13
12 Osterøy 20 3 2 15 32 74 11

 

 

 

Runde 21
10-10-13:00 Norges Handelsh - Bremnes Sikker H
10-10-15:00 Øygard - Ny-Krohnborg Sikker H
10-10-15:00 Årstad - Trott UB  Åpent. Trott er favoritt.
10-10-15:00 Laksevåg - Osterøy Åpent. Begge lag må vinne.
10-10-15:00 Loddefjord - Rosendal Sikker H
11-10-16:00 Valestrand Hjellvik - Os 2 HUB  Åpent. Her kan alt skje!!!
Runde 22
18-10-16:00 Bremnes - Årstad H B Åpent! Vinn eller forsvinn???
18-10-16:00 Ny-Krohnborg - Norges Handelsh NHH virker sterkere enn NK for tiden.
18-10-16:00 Os 2 - Loddefjord H B Osingene er favoritter, men Loddefjord vann vårkampen og kan vinne igjen.
18-10-16:00 Rosendal - Øygard Sikker B
18-10-16:00 Osterøy - Valestrand Hjellvik Bør bli lett match for VH, men vi veit at det ikkje blir det....
18-10-16:00 Trott - Laksevåg Rundens sikreste

 

Storscorern

 

19 mål

Roar Olsen Loddefjord

17 mål

Steffen Lie Skålevik Øygard

14 mål

Trygve Nilsen Valestrand Hjellvik FK

Morten Hillestad Trott

Tom Andre Axland Ny Krohnborg

Stian Stenehjem Loddefjord

13 mål

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik FK

Ramo Racic Os 2

12 mål

Burhan Cinar NHH

Mads Århus Fjelstad  Øygard

11 mål

Henning Aga Ny Krohnborg

Erik Kanestrøm Os 2

10 mål

Christian Greve  Øygard

9 mål

Marius Takvam Øygard

Thomas Langeland Osterøy

8 mål

Magnus Opheim Valestrand Hjellvik

Pål Kjetil Tufta Valestrand Hjellvik

Christer Lund Øygard

Christer Olsen Os 2

Thomas Hansson NHH

Tommy Myksvoll Øygard

Jostein Aga Ny Krohnborg

7 mål

Robert Hunt Årstad

Pål Inge Sæbø Laksevåg

Jørgen Størksen Årstad

Øystein Hillestad Trott

Sindre Askeland Trott

Frode Hellesø Laksevåg

 

Øvrige spelarar Valestrand Hjellvik FK

6 mål

Are Bryhn

5 mål

Jonas Hauge

4 mål

Øyvind Tysse

3 mål

Torgeir Rud

Rayner Nygård

2 mål

Henrik Horsås

Kalle Fiskå

Henning K. Rød

Kristoffer Bognøy

1 mål

Tom Sivertsen