2009 i svart og kvitt

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Den første dagen i eit nytt og uprøvd år er her, og sola kastar sine bleike vinterstrålar på bakkane rundt den rimfrosne heimebana til Valestrand Hjellvik. Mang ei forventning ligg og lumrar i si vinterdvale, og fleire spørsmål må endå venta lenge på sine svar...

Valestrand Hjellvik er ein klubb i stadig utvikling, og 2009vert neppe noko tilbakesteg i så måte. Ein ny fotballsesong fører medseg nye høve til å forbetra seg både for spelarar og klubb, og nyemålsettingar som kan oppnåast.

I 2009 kan det sjå ut til å verta comeback for seniorlaget pådamesida, noko som kan føra med seg endå meir entusiasme rundtFurubakken og VHFK. Det vert spennande å sjå kor godt Dødball-Tone oglagvenninnene hennar klarer å bita frå seg i serien denne sesongen.

A-stallen som trenar Jo Solberg stiller med i 2009 er på papiretendå sterkare enn gjengen som enda på tredjeplass i 4. divisjon i fjor.Fire nye spelarar signerte for VHFK i haust, og to av desse har lokalforankring. Både keeper Robert Eikeland, som er ekte Valestrandsgut, ogØrjan Tysse frå Fotlandsvåg knyter det seg forventningar til påFurubakken denne sesongen.

To nye rogalendingar har også funne vegen til Valestrand ogFurubakken. Christer Sandvik og Anders Berntsen har begge erfaring fråhøgare divisjonar, og vil heilt klart vera med å forsterka laget tilJoen i 2009. I tillegg til dette har det svirra rykter i miljøet rundtFurubakken-laget om at det kan komma fleire tilvekstar til A-stallen iløpet av vinteren.

Det skal også i år arrangerast vinter-turnering påFurubakken-kunstgraset, noko som vert kjærkoment for dei mest ihugasupporterane som synest det er lenge å venta på seriestarten.Spørsmålet er om Osterøy maktar å forsvara tittelen og pokalen dei fekkførste napp i då dei vann Bergan Bygg Cup i 2008.

VTV er med også denne sesongen, og vil gje nett-sjåarane mangegodbitar å kosa seg med gjennom året vi nettopp har gått inn i. Dermeder det berre å ynskje alle eit godt nytt år, og satsa på at fotballåret2009 vert svart og kvitt...