28.april. Tap for småjentene mot Olsvik

Tysdag 28. april: Olsvik - VHFK 3-0

Det vart 3-0 tap borte mot Olsvik. Dessverre var ikkje jentene å kjenna igjen frå fyrste kampen. Ein liten, humpete og dårleg grusbana får nok ta litt av skulda for at jentene aldri kom skikkeleg i gang. Teknikken - pasningar og dempingar sat aldri, og då heller ikkje innsatsen var på topp, uteblei spelet. Olsvik vann derfor fortent denne gongen. Men me kjem tilbake! RH