A-laget henta heim pokalen

FURUBAKKEN/BERGAN BYGG CUP(VTV): Valestrand Hjellvik sin lagkaptein Torgeir Rud kunne endeleg visa fram beviset på sigeren i Bergan Bygg Cup, etter at laget hans henta den store pokalen heim til Valestrand. På banketten laurdag kveld stod stemninga i taket...

Etter å ha banka konkurrentane i tur og orden, varA-lagsspelarane til Valestrand Hjellvik i storform under banketten påBari Pizzeria laurdag kveld. Og det hadde dei stor grunn til etter eitforrykande scoringsshow tre dagar til ende. Heile 26 ballar putta JoSolberg sine spelarar i motstandarnettet i løpet av dei treturneringskampane, medan det på kontoen for baklengsmål berre vartnotert to.

Valestrand Hjellvik viste seg fram som det klart sterkaste lageti turneringa, og i finalekampen mot nyopprykka divisjonskollega Osterøyvar det aldri tvil om kven som skulle stikka av med sigeren. Sjølv omgjestane frå Hatland på stillinga 0-0 yppa seg med eit skot som keeperEikeland berre så vidt fekk fingertuppane på før ballen small itverrleggjaren, var dette ein av svært få gonger gultrøyene verkelegvar farlege.

Heimelaget var til gjengjeld farlege ved langt fleireanledningar, og det viste seg snart at det berre var eit tiddspørsmålfør scoringane kom. Betryggande var det å konstatera forheimepublikummet at trenar Jo Solberg ser ut til å ha fått meir skikkpå forsvaret i laget sitt enn tilfellet var i fjorårssesongen. Itillegg boblar det nesten over for enkelte av angrepsspelaraneinnimellom, i form av offensiv scoringskåthet og løpsvillighet visjeldan har sett på denne årstida tidlegare.

Valestrand Hjellvik sin slepne midtbanespelar Are Bryhn vartvelfortent kåra til beste spelar i turneringa, og premien er eitgåvekort på 1000 kr. frå Byggevarehuset.

Trenar Solberg har uttalt at laget treng tre-fire forsterkningari stallen før seriestart dersom målsettinga om opprykk skaloppretthaldast. Seriestarten nærmar seg med stormskritt, og tida erknapp, så folket rundt Valestrand Hjellvik FK må skunda seg å snu kvarstein i jakta på desse forsterkningane.