A-laget knuste Solängens BK

ÅLBORG, DANMARK: A-laget til Valestrand Hjellvik banka i kveld inn nok eit overbevisande resultat på lista over vårens treningskampar. Øyvind Tysse (bildet) kom inn etter pause og dunka tre ballar i nettet då svenske Solängens BK vart fleire nummer for små for dei svarte og kvite frå Valestrand...<br /><br />

Ein mållaus førsteomgang der VHFK hadde eit solid overtak, vart avslutta med heile tre stolpeskot frå dei svarte og kvite. Men ballen ville ikkje over streken. Ikkje før Øyvind Tysse entra bana då andre omgang starta. Han dunka inn to raske mål, og derifrå og ut var det berre VHFK.

Heile 7-0 vart det til slutt, og ein fornøyd Jo Solberg kunne føya nok ein siger til resultatlista si.
-Ein bra kamp av oss dette, og dagens ekstra lyspunkt er spelet til junior Trygve Bru Reigstad, sa VHFK-trenaren i ein kort kommentar til vhfk.no etter kampen. -Du må få med at Ole Morten (Tysse) avslutta kampen som kaptein, og at trenaren til svenskane vart sur og forlot bana før kampen var slutt, flirer Joen før han stikk for å feira sigeren med resten av laget.

KAMPFAKTA TRENINGSKAMP:

VHFK - Solängens BK 7-0 (0-0)

1-0 Øyvind Tysse
2-0 Øyvind Tysse
3-0 Øyvind Thomassen
4-0 Øyvind Thomassen
5-0 Kalle Fiskå
6-0 Trygve Nilsen
7-0 Øyvind Tysse

VHFK sitt lag:
Robert Eikeland, Thomas Røskeland, Henning K. Rød, Ole Morten Tysse, Kalle Fiskå, Are Bryhn, Øyvind Thomassen, Jonas Hauge, Trygve B. Reigstad, Pål Tufta, Trygve Nilsen
Innbyttarar:Øyvind Tysse (inn for Trygve Reigstad i pausen), Glenn Torgersen (20 min for Thomas Røskeland), Simon Windt (20 min for Henning Rød)