A-laget slo Orion

FURUBAKKEN, VALESTRAND: A-laget til Valestrand Hjellvik tok imot divisjonskollega Orion til sesongens første treningskamp på Furubakken torsdag kveld. Etter ein dårleg start kom heimelaget og Jonas Hauge (bildet) sterkt tilbake utover i kampen...

KAMPFAKTA TRENINGSKAMP:

VHFK - Orion 2-1 (1-1)

0-1 (9)
1-1 Jonas Hauge (43)
2-1 Trygve Nilsen (67)

Keeper-nykomling Robert Eikeland fekk ikkje akkurat noko kjekkstart på comebacket i moderklubben. Før kampuret hadde passert timinuttar, måtte VHFK sin nye sisteskanse henta ballen ut or nettetetter ein blunder som gav gjestane 1-0 og ein god start på kampen.

I andre enden av bana burde ein annan nykommar - Øyvind Tysse,ha putta ballen i det opne målet etter eit glimrande hjørnespark fråAre Bryhn. Men nettkjenning vart det ikkje for VHFK sitt nye angrepshåpi denne kampen, sjølv om han til tider viste at han kan verta hard åbryna seg på for mangt eit motstandar-forsvar denne sesongen. Med godfart og smarte løp kan han vera den spissen Furubakken-laget treng forå henga med i toppen denne sesongen.

Like før pause klarte Jonas Hauge å skaffa balanse i rekneskapendå han banka ballen i mål åleine med Orion-keeperen. Dermed kunnelagene ta pause på stillinga 1-1 i flomlyset på Furubakken.

Midtvegs i andre omgang fekk Trygve Nilsen æra av å vertamatchvinnar med ei utsøkt scoring som gav heimelaget ein fullt fortentsiger i årets første treningskamp. Pål Kjetil Tufta var nære på å pyntapå resultatet med ei glimrande heading, men Orionkeeperen varta opp medei feberredning av den sjeldne sorten og hindra "Pål Mål" frå å opnamålkontoen.

Sjølv om heimelaget scora to mål i denne kampen, var det ei annahending som hausta mest applaus frå Furubakken-tribuna. Vegard Mjelstadsitt fantastiske tilbakeløp der han tok igjen Orion-angriparen somstarta 30 meter framfor vil nok verta huska ei stund av dei få som sågdet. Der og då avverga backen mest sannsynleg ei scoring, og vistesamstundes fram ein fart vi ikkje har sett i VHFK-forsvaret på lenge.

Vegard Mjelstad har trent med A-laget den siste tida, og er no itenkeboksen der han skal finna ut om han vert med for fullt dennesesongen. Dei som sat på tribuna under Orionkampen kryssar no fingranefor at Vegard vert å finna på backen ikledd den svarte og kvite drakta.Gjer han det, er det ingen som kjem til å sakna Frank Hansen lenger...