Alt om den 10. runden

Rosendal med årets første poeng. Øygard vann toppkampen. Osterøy med nytt tap i bunnkamp. Trott reiste seg. VHFK tapte stort mot Os 2 mandag. Les alt om den 10. runden her....

Endeleg fekk Rosendal sine første poeng i årets serie. Loddefjord vart knust 4-2 og jubelen stod i taket i Rosendalleiren. Dermed gjekk Loddefjord på sitt tredje tap på like mange kampar og er for alvor i ferd med å spele seg ut av toppkampen. I Rosendal har ein fått igjen håpet om å overleva og laget vil neppe selgja seg billig mot Øygard i siste kampen før ferien...

 

Øygard vann toppkampen mot Ny Krohnborg 2-1. Sjølv om laget frå Sotra var best satt seieren langt inne og utligningsmålet burde vel aldri vore godkjent. Ballen låg og hoppa på streken og var nok aldri inne i buret. Heimelaget sine spelarar holdt sjølvsagt på å koke fullstendig over då dommaren i lag med linjemannen godkjende utligningsmålet. Synd for Ny Krohnborg som dermed fekk brutt den fine seiersrekka si. Dermed kraup Øygard heilt til topps på tabellen ved hjelp av ein dommar og ein linjemann. I neste kamp ventar bunnlaget Rosendal og her kan vi nok venta oss ein ny storseier til serieleiaren. Blir det tosifra???

 

Osterøy tapte 2-1 i den uhyre viktige bunnkampen mot Laksevåg. No ligg laget nest sist på tabellen med Rosendal hakk i hel. Laksevåg tok tre nye poeng og har fått ei aldri så lita luke ned til dei to bunnlaga. Neste helg skal Osterøy ut i lokaloppgjer mot Valestrand Hjellvik. Hvis ikkje vårsesongen skal bli heilt håplaus, må laget ha poeng i den kampen. Det kan bli vanskeleg mot eit Valestrand-lag som struttar av sjølvtillit etter to strake sigrar...

 

Trott reiste seg mesterleg etter stortapet mot Øygard sist. Denne runden knuste dei Årstad heile 5-0 og det var ikkje eit mål for lite. Trott dominerte kampen og var effektive foran mål. I siste runden før ferien ventar Laksevåg og her må Trott ha alle tre poenga hvis dei skal holda liv i draumen om opprykk.

 

Valestrand Hjellvik reiser til Os i morgon for å møta Osingane sitt andrelag. Dette kan fort bli ein nøkkelkamp i årets serie. Hvis VHFK vinn vil dei ligga kun to poeng bak Ny Krohnborg i kampen om den andre opprykksplassen med ein kamp tilgode. Då vil Valestrand Hjellvik gå forbi Ny Krohnborg med seier over Osterøy i siste kampen før ferien...

Os 2 kan også melda seg på att i toppen med seier og det er duka for ein spennande kamp i morgon. Hvis alt går etter planen vil Vhfk.no dekka kampen med Livedekning. VTV har meldt at dei filmar kampen. 

 

Os 2 knuste VHFK heile 5-1 i mandagskampen på Kuventræ. Heimelaget var dødeleg effektive foran mål og VHFK var i tillegg i det gavmilde hjørnet. Dermed vart det stortap for VH. No ventar Osterøy i lokaloppgjer på Furubakken på  laurdag. Me får håpa på full tenning og nye tre poeng der... 

 

10. serierunde

Øygard - Trott 7 - 1 Kampfakta
Osterøy - Laksevåg 1 - 2
Kampfakta 2 Ny-Krohnborg - Øygard 1 - 2 Kampfakta
Trott - Årstad 5 - 0
Rosendal - Loddefjord 4 - 2

Os 2 - Valestrand Hjellvik 5 - 1  Kampfakta

 

Tabell

 

1 Øygard 10 9 0 1 52 18 27
2 Ny-Krohnborg 11 8 1 2 29 18 25
3 Valestrand Hjellvik 10 6 2 2 34 24 20
4 Os 2 10 6 1 3 20 14 19
5 Norges Handelsh 11 5 2 4 22 23 17
6 Loddefjord 10 5 1 4 23 20 16
7 Trott 10 4 1 5 21 18 13
8 Bremnes 10 4 1 5 18 25 13
9 Årstad 10 3 1 6 17 31 10
10 Laksevåg 10 3 0 7 21 32 9
11 Osterøy 10 2 0 8 16 32 6
12 Rosendal 10 1 0 9 15 33 3

 

Formtabell (5 siste kamper)

1 Øygard 5 5 0 0 25 6 15
2 Ny-Krohnborg 5 4 0 1 12 5 12
3 Valestrand Hjellvik 5 2 2 1 15 13 8
4 NHH 5 2 2 1 9 9 8
5 Trott 5 2 1 2 13 11 7
6 Bremnes 5 2 1 2 10 12 7
7 Årstad 5 2 1 2 10 13 7
8 Os 2 5 2 0 3 10 10 6
9 Laksevåg 5 2 0 3 11 15

6

10 Loddefjord 5 1 1 3 7 11 4
11 Osterøy 5 1 0 4 10 17 3
12 Rosendal 5 1 0 5 9 17 3

 

Scoringstoppen

9 mål:

Mads Århus Fjeldstad Øygard

8 mål:

Christian Greve      Øygard

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

Steffen L. Skålevik    Øygard

Henning Aga Ny Krohnborg

7 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

Christer Lund            Øygard

Stian Stenehjem      Loddefjord

6 mål:

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik

Thomas Langeland  Osterøy

Tommy Myksvoll Øygard

Burhan Cinar   NHH

5 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Robert Hunt  Årstad

Terje Nidgardsøy Årstad

Roar Olsen       Loddefjord

Marius Takvam Øygard

Trond Erik Feet   Rosendal

 

(Kampen mellom Laksevåg og Os 2  5-1 mangler vi målscorere på.)

 

Neste runde med tippetips

 

25-06 18:30 Årstad - Bremnes H Årstad vinner en jevn kamp
27-06 15:00 Øygard - Rosendal H Ukens sikreste. Her blir det mye.
27-06 15:00 Laksevåg - Trott B Sikker B
27-06 15:00 Valestrand Hjellvik - Osterøy H Lokaloppgjør! VH må nok finne seg i å være klare favoritter, men bør ikke ta for lett på det.
28-06 16:00 Loddefjord - Os 2 H Loddefjord reiser seg etter en svak periode.