Alt om den 15. runden

Valestrand Hjellvik utklasset Rosendal.<br /> Øygard i ny målorgie.<br /> Ny Krohnborg med nytt tap.<br /> Osterøy med viktig borteseier.<br /> Opprykkstoget har gått for Trott og Loddefjord. Toppscorerliste, formtabell og mer til. Her får du alt om den 15. runden i 4. divisjon avd.1

Valestrand Hjellvik knuste Rosendal 6-1 i baronibygda på lørdag. Det var ikkje eit mål for lite. Bortelaget var best i alt ut på bana og best i alt på tribuna. Mange supportarar hadde tatt seg ein weekendtur til Rosendal for å støtta dei svarte og kvite. Dei fekk valuta for pengane!

Til pause var stillingen 0-3 og kampen var avgjort. I tillegg var Tom Sivertsen tilbake i Valestrand-drakt og storspelte. I andre omgang krydra han comebacket sitt med scoring.

Dermed er VHFK gått forbi Ny Krohnborg på tabellen og ligg no på opprykksplass. På lørdag ventar serieledaren Øygard på Furubakken. Då får vi håpa at angrepsspelet er minst like bra som i dei to siste kampane. I så fall skal Sotra-laget få trøbbel med og sikra seg sin 15. strake trepoengar.

 

Øygard fossar mot 3. divisjon. I går vann dei heile 8-3 mot eit svakt Laksevåg. Før det var spelt fem minutt av kampen måtte Laksevåg-keeperen henta to ballar ut av nettet. Til pause stod det 5-0 og eit kvarter før slutt var stillingen 8-0. Då hjalp det lite for Laksevåg at Tommy Temre laga ekte hat-trick på under ti minuttar mot slutten. Øygard har med dette resultatet heile 9 poengs ledelse til VHFK og 11 poeng ned til den sure tredjeplassen på tabellen. Då er det vel på tide å snart gratulera dei blåkledde med opprykk. I gårsdagens storseier hadde Øygard åtte forskjellige målscorarar....

 

Ny Krohnborg gjekk på ein ny smell mot Os 2 søndagskveld. Laget tok opskriftsmessig ledelsen i første omgang ved Henning Aga, men berre fem minuttar seinare hadde Osingane snudd kampen med scoringar av Christer Olsen og Torkjell Hjertnes. Dette holdt seg kampen ut sjølv om Ny Krohnborg hadde mulighetar til utligning. Os 2 er no oppe på tredje plass på tabellen og ser ut til å bli VHFK sin største utfordrar i kampen om opprykk. Ny Krohnborg er ikkje avskrevne i opprykkskampen, men har vist litt dalande form i dei siste kampane.

 

Osterøy tok tre livsviktige poeng i bortekampen mot Bremnes. Dermed var årets første poeng på fremmed gress eit faktum for Ostringane. Det har gått over 3 månader sidan forrige seier og den smakte nok godt. OIL har dermed begynt å tetta luka til laga som ligg over streken. Det som etter kvart såg temmeleg håplaust ut ser plutseleg mykje lysare ut. Både Årstad, Rosendal, Bremnes og Laksevåg tapte sine kampar. Dette er laga Osterøy må kjempa mot for å unngå degradering til 5. divisjon.

 

Loddefjord og Trott delte poenga i ein merkeleg fotballkamp. Trott leda 4-0 like før pause og det såg ut til at dei endeleg skulle få seg ein ny trepoengar. Dei styrte førsteomgangen akkurat som dei ville og ledelsen kunne fort ha vore større. I andre omgang vart rollene totalt bytta om og Loddefjord kjørte over bortelaget. Fleire store sjansar vart brente og alt i alt var det greit med poengdeling. Dermed er vegen opp til andreplassen på tabellen og opprykk lang og kronglete for desse to laga. For Trott sin del var nok opprykkstoget gått før kampen, men no står nok også Loddefjord igjen på stasjonen....

 

Resultater 15. serierunde

 

29-08 13:00 Norges Handelsh - Årstad 2 - 1
29-08 15:00 Øygard - Laksevåg 8 - 3 Kampfakta
29-08 15:00 Rosendal - Valestrand Hjellvik 1 - 6 Kampfakta
29-08 15:00 Bremnes - Osterøy 1 - 2
29-08 15:00 Loddefjord - Trott 4 - 4 Kampfakta
30-08 16:00 Ny-Krohnborg - Os 2 1 - 2 Kampfakta

 

4.div Menn avd.1

Lag K S U T MF MM P
1 Øygard 15 14 0 1 72 24 42
2 Valestrand Hjellvik 15 10 3 2 55 31 33
3 Os 2 15 10 1 4 41 26 31
4 Ny-Krohnborg 15 10 1 4 39 28 31
5 Loddefjord 15 7 3 5 42 34 24
6 Norges Handelsh 15 7 3 5 29 30 24
7 Trott 15 6 2 7 44 36 20
8 Laksevåg 15 5 0 10 34 53 15
9 Bremnes 15 4 2 9 23 39 14
10 Årstad 15 4 1 10 24 45 13
11 Osterøy 15 3 0 12 25 54 9
12 Rosendal 15 2 0 13 21 49 6

 

 

Formtabellen siste 5 kamper

 

1 Øygard 5 5 0 0 20 6 15
2 Valestrand Hjellvik 5 4 1 0 21 7 13
3 Os 2 5 4 0 1 21 12 12
4 Loddefjord 5 2 2 1 19 15 8
5 NHH 5 2 2 1 8 8 8
6 Trott 5 2 1 2 23 18 7
7 Ny Krohnborg 5 2 0 3 11 12 6
8 Laksevåg 5 2 0 3 13 21 6
9 Årstad 5 1 1 4 7 14 3
10 Rosendal 5 1 0 4 7 16 3
11 Osterøy 5 1 0 4 9 22 3
12 Bremnes 5 0 1 4 5 14 1

 

Scoringstoppen

 

13 mål

Stian Stenehjem Loddefjord

 

12 mål

Steffen Lie Skålevik Øygard

 

11 mål

Trygve Nilsen Valestrand Hjellvik FK

Roar Olsen Loddefjord

Tom Andre Axland Ny Krohnborg

Mads Århus Fjelstad  Øygard

 

10 mål

Henning Aga Ny Krohnborg

9 mål

 

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik FK

Christian Greve  Øygard

Morten Hillestad Trott

 

Neste runde med tippetips

 

04-09 18:00 Trott - Bremnes  H Dette klarer Trott enkelt.
04-09 19:00 Osterøy - Ny-Krohnborg B Blir for tøfft for OIL
05-09 15:00 Laksevåg - Norges Handelsh UB  Laksevåg bør ha poeng for å sikre plassen.
05-09 15:00 Valestrand Hjellvik - Øygard HB  Åpen toppkamp. Håper og tror på hjemmeseier.
05-09 15:00 Årstad - Loddefjord B Lett match for Loddefjord
06-09 16:00 Os 2 - Rosendal Rundens sikreste kamp.