Alt om den 17. runden

Valestrand Hjellvik med solid borteseier. Toppkampen mellom Øygard og Os 2 utsatt! Grunn til bekymring?? Les saken og kjør debatt på badnafakte.net! Osterøytap i viktig bunnoppgjør. Ny Krohnborg taper forsatt poeng i opprykkskampen. Les alt om den 17. runden i 4. divisjon avd. 1...

VHFK tok tre nye poeng i bortekampen mot NHH. Like før pause kom Øyvind Thomassen seg gjennom og heimelagets keeper måtte ta i bruk ulovlige midler for å stoppa storscoraren. Dermed var det klart for straffespark til VH og raudt kort til keeperen. Thomassen satte straffen sikkert i mål og bortelaget gjekk til pause med 1-0 ledelse. I andre omgang var Valestrand Hjellvik klart best og vann tilslutt komfortabelt 3-0 etter scoringar av Trygve Nilsen og ei perle av Henrik Horsås.

På fredag ventar Årstad for VHFK på Furubakken. Skal laget vera med å kjempa om opprykk heilt inn er kun tre poeng godt nok i den kampen. I våroppgjeret tapte vi to poeng mot Årstad i ein kamp som var prega av ein svak dommar. Jo Solberg var ikkje heilt tam i timane etter den kampen. No har Valestrand Hjellvik mulighet til ein skikkeleg revansj for det forsmedelige poengtapet i vår...

 

Toppkampen mellom Øygard og Os 2 skulle vore spelt søndag. Den vart i staden utsatt til seinare i september. Grunnen skal vera at Osingane ikkje klarte å stilla lag då juniorlaget hadde kamp samtidig mot Brann. Dei hadde først prøvd å utsetta junior-elitekampen, men Brann hadde nekta. Då tok dei kontakt med Øygard og dei vart med på å flytta kampen.

 

-Det passa egentlig svært godt for oss, då heile midtbana vår var ute med skade etter den harde kampen på Furubakken, sa Øygard-trenar Sjur Aarhus på telefon i går kveld.

 

På Valestrandsfossen var nok ein del folk irriterte på at Øygard gjekk med på å flytta kampen.

 

-Trur ikkje Øygard hadde gått med på utsettelse hvis dei hadde hatt seks poeng mindre, sa ein VHFK supportar til vhfk.no i går kveld.

 

Dette har i alle fall ført til at spekulasjonane no er i gang. Det er ikkje så rart sidan førstelaget til Os no er klar for playoff og kan triksa litt med spelarstallen og flytta førstelaget ned på andrelaget og omvendt. I så fall vil dei styrka sine sjansar for opprykk med Os 2 betraktlig. Så kan ein spørra seg om dette har noko hensikt og om det er fairplay? Har Os 2 noko å gjere i 3. divisjon hvis dei er avhengig av dei beste spelarane for å komma seg opp. Dette kan få konsekvensar for opp- og nedrykk i to divisjonar. Os skal møta Djerv og Trio som ligg på dei to siste plassane i 3. divisjon. Hvis Os stiller med svakare lag mot desse laga og taper blir NBK som ligg på plassen over dei to bunnlaga skadelidande og kan fort rykka ned pga. dette.

Hvis Os 2 stiller med sterkare lag i dei siste kampane i 4. divisjon vil dei dra fordel av dette i kampen om opprykk. Dei skal møta Øygard, VHFK og Loddefjord i serieinnspurten som alle kjempar om opprykk. No er dette berre spekulasjonar. Det er slett ikkje sikkert Os har tenkt å gjera slik som vi har nevnt. Kanskje vil dei ha førstelagspelarane på tå hev til dei viktige playoff-kampane mot Brann 2 eller Austevoll og la dei få best mulig kamptrening i 3. divisjon utover høsten.

 

Os-trenaren roer bekymrede VHFK-fans

 

-Jeg konstaterer at dere er bekymret for serie-innspurten og hvordan vi har tenkt å håndtere våre to lag.
Det skal dere slippe å bekymre dere for, vi kommer til å fortsette akkurat som vi har gjort i hele år.
Vi rullerer alle våre ungdommer inn og ut av a-laget og kommer til å bruke våre etablerte a-spillere der de hører hjemme, nemlig på a-laget.
Spillere som Stian Lunde, Tim Sperrevik, Halvard Enes og Einar Algerøy vil kun bli å se i Os 2-kamper etter eventuelle karantener for a-laget.
Alle andre spillere har spilt omtrent like mye på begge lag og vil fortsette med det.
Med andre ord får a-lagets suksess ingen innvirkning på vår talentutvikling og satsing på opprykk med Os 2.
Vi i Os er opptatt av fair play og har ingen interesse av å flytte over hele a-laget for å oppnå en kortsiktig suksess i 4.divisjon.
Det er a-laget som har fokus hos oss og vi ønsker å forberede hele gruppen best mulig på hva som venter i slutten av oktober.
Da er kamper i tredje divisjon bedre forberedelse enn i divisjonen under.
Vårt mål er å henge med i toppen med Os 2 til vi møtes på Furubakken i nest siste omgang. Det vil bli en enorm opplevelse for våre ungdommer
og samtidig en flott forsmak på hva som venter dem som eventuelt blir kastet innpå i kvalliken mot Brann 2 eller Austevoll.
 
Med sportslig hilsen og de beste ønsker for en spennende innspurt; Frank Tellevik, trener i Os.

 

Osterøy gjekk på eit sviande tap mot tabelljumbo Rosendal i helga. Kampen var i realiteten avgjort før pause då heimelaget leda 4-1. Begge laga scora kvar sin gong i andre omgang og Rosendal meldte seg på att i kampen om  4. divisjonsspel neste sesong med dette resultatet.

Slik det ser ut i dag rykker begge desse laga ned, men dei har ikkje gitt opp håpet enda.

I den andre bunnkampen vart det poengdeling mellom Årstad og Laksevåg.

 

Ny Krohnborg taper stadig poeng i opprykkskampen. Denne runden klarte dei kun uavgjort heime mot Trott. Dermed har det gått over ein måned sidan sist trepoengar for bylaget.

No er det fem kampar igjen og skal dei henga med i toppen må dei slå både Øygard og Loddefjord i serieinnspurten. I tillegg har dei ein vanskeleg bortekamp mot Bremnes til helga.

 

11-09 18:30 Loddefjord - Bremnes 4 - 0 Kampreferat
12-09 13:00 NHH - Valestrand Hjellvik 0 - 3 Kampreferat
12-09 13:00 Ny-Krohnborg - Trott 1 - 1 Kampreferat
12-09 15:00 Rosendal - Osterøy 5 - 2 Kampreferat
12-09 15:00 Årstad - Laksevåg 0 - 0
13-09 16:00 Øygard - Os 2 Utsatt

 

4.div Menn avd.1

Lag K S U T MF MM P
1 Øygard 16 15 0 1 76 26 45
2 Valestrand Hjellvik 17 11 3 3 60 35 36
3 Os 2 16 11 1 4 47 27 34
4 Ny-Krohnborg 17 10 3 4 43 32 33
5 Loddefjord 17 9 3 5 50 35 30
6 Norges Handelsh 17 8 3 6 32 34 27
7 Trott 17 7 3 7 53 40 24
8 Laksevåg 17 5 1 11 35 56 16
9 Årstad 17 4 2 11 25 49 14
10 Bremnes 17 4 2 11 26 51 14
11 Osterøy 17 3 1 13 30 62 10
12 Rosendal 17 3 0 14 27 57 9

 

Storscorern

 

15 mål

Roar Olsen Loddefjord

14 mål

Stian Stenehjem Loddefjord

Steffen Lie Skålevik Øygard

12 mål

Trygve Nilsen Valestrand Hjellvik FK

Morten Hillestad Trott

Tom Andre Axland Ny Krohnborg

11 mål

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik FK

Mads Århus Fjelstad  Øygard

10 mål

Henning Aga Ny Krohnborg

Christian Greve  Øygard

 

Øvrige spelarar Valestrand Hjellvik FK

 

5 mål

Jonas Hauge

Pål Kjetil Tufta

Are Bryhn

 

4 mål

Øyvind Tysse

Magnus Opheim

 

3 mål

Torgeir Rud

 

2 mål

Rayner Nygård

Henrik Horsås

Kalle Fiskå

Henning K. Rød

Kristoffer Bognøy

 

1 mål

Tom Sivertsen

 

Gult / Rødt kort VHFK

 

Gule kort:

 

3: Øyvind Tysse ( Må stå over mot Årstad)

2: Kalle Fiskå , Are Bryhn, Rayner Nygård

1: Jonas Hauge, Vegard Mjelstad, Robert Eikeland, Torgeir Rud, Trygve Nilsen

Pål Kjetil Tufta, Øyvind Thomassen, Magnus Opheim, Tom Sivertsen

 

Rødt kort:

 

2: Øyvind Thomassen

 


Neste runde med tippetips

 

18-09 19:00 Valestrand Hjellvik - Årstad 2-1 Sikker H
19-09 15:00 Laksevåg - Loddefjord 2-8 Laksevåg kan overraske, men Loddefjord er i form.
19-09 15:00 Trott - Rosendal 1-0 Sikker H
19-09 15:00 Osterøy - Øygard 1-4 Skal OIL stoppe seiersrekka? Neppe!
19-09 15:00 Bremnes - Ny-Krohnborg 1-2 HB  Bremnes er sterke hjemme. NK er ikkje i form.
20-09 16:00 Norges Handelsh - Os 2 2-5 Sikker B