Alt om den 9. runden

Sterk borteseier av VHFK. Sjokktap for Os 2. Osterøy mot bunnen. Øygard med nok en brakseier. Ny Krohnborg forsatt på topp. Valestrand Hjellvik med ny Matchball. Alt om den 9. runden i 4. divisjon avd. 1 finn du her....

Valestrand Hjellvik vann 3-2 borte mot Loddefjord og har for alvor meldt seg på i opprykkskampen. Seieren i Alvøen satt langt inne og det var nok ikkje mange som hadde tru på tre poeng når Loddefjord utligna mot slutten av kampen og forsatte stormangrepene mot slitne Valestrandsbein. Men heldigvis for VH var det i alle fall ein med friske bein på bana. Jonas Hauge kom inn midtvegs i andre omgang og då han fekk ballen på egen halvdel like før slutt satte han inn eit rykk som det blir lenge til dei får sjå maken til i Idrettsparken på Alvøen. Hauge fossa oppover langsida og lurte vekk den ein etter den andre Loddefjord-spelaren og tilslutt chippa han ballen elegant over keeper og i mål. Publikum var i ekstase!!! Mannane hadde vunne! Dei svarte og dei kvite! Happy Birthday to JOOOOOOOOOOOOONAAS!!!

Vi får håpa TV2 viser bilde av den scoringen på Matchball Mandag kl. 2100. Då er det nemlig klart for en ny runde med Matcball-programmet til Erik Thorstvedt & co. Tidlegare i veka var Tv-teamet på Valestrand for å besøka supportarane og for å laga eit løye innslag til det norske folk. Vi gler oss...

 

Laksevåg som tapte stort mot VH sist sendte sjokkbølger gjennom Os 2 leiren i går. Bunnlaget gav seg ikkje før det stod 5-1 og årets andre trepoengar var i boks.  Dermed ser det ut til at Os 2 kan gløyma opprykk med både første og andrelaget sitt i år. Det er nok uansett viktigare for dei at Os rykker opp i andre divisjon og kjem nok til å satsa fullt ut på det framover.

Laksevåg gjekk med dette resultatet forbi Osterøy på tabellen.

Osterøy tapte i helga 4-2 mot Årstad som dermed fekk eit pusterom i bunnstriden. Osterøy derimot står med begge beina godt planta i nedrykkstriden med kun seks poeng etter 9 rundar. Det begynner å haste for OIL som møter Laksevåg i ein særs viktig kamp neste helg, før dei avsluttar første del av sesongen borte mot Valestrand Hjellvik lørdag 27. juni.

 

Øygard forsetter sin seiersmarsj mot 3.divisjon. Denne gongen var det Bremnes som vart knust heile 8-3. Øygard har dermed scora utrulege 43 mål på åtte kampar sålangt i år og seglar opp som den klare favoritten til å kapra ein av to opprykksplassar.

 

Ny Krohnborg vann sin femte kamp på rad i helga. Laget har no fire poengs ledelse på Øygard, men har spelt to kampar meir. Etter ein litt famlande start på sesongen har dei etter kvart fått sving på sakene sine. No er dei kanskje på veg opp i divisjonssystemet hvis formen ikkje sviktar. Uansett imponerer Ny Krohnborg både på bana og på internett. Ei flott heimeside med mykje oppdateringar om A-laget og dei andre laga i divisjonen.

 

9. Serierunde

 

Laksevåg - Os 2 5 - 1
Øygard - Bremnes 8 - 3 Kampreferat
Norges Handelsh - Trott 1 - 1
Kampreferat 2 Loddefjord - Valestrand Hjellvik 2 - 3 Kampreferat
Rosendal - Ny-Krohnborg 2 - 3 Kampreferat
Årstad - Osterøy 4 - 2

 

Tabell

 

1 Ny-Krohnborg 10 8 1 1 28 16 25
2 Øygard 8 7 0 1 43 16 21
3 Valestrand Hjellvik 9 6 2 1 33 19 20
4 Norges Handelsh 11 5 2 4 22 23 17
5 Loddefjord 9 5 1 3 21 16 16
6 Os 2 9 5 1 3 15 13 16
7 Bremnes 10 4 1 5 18 25 13
8 Trott 8 3 1 4 15 11 10
9 Årstad 9 3 1 5 17 26 10
10 Laksevåg 9 2 0 7 19 31 6
11 Osterøy 9 2 0 7 15 30 6
12 Rosendal 9 0 0 9 11 31 0

 

Formtabell (5 siste kamper)

1 Øygard 5 5 0 0 28 9 15
2 Ny-Krohnborg 5 5 0 0 13 4 15
3 Valestrand Hjellvik 5 2 2 1 15 13 8
4 NHH 5 2 2 1 9 9 8
5 Trott 5 2 1 2 10 6 7
6 Loddefjord 5 2 1 2 15 13 7
7 Årstad 5 2 1 2 10 11 7
8 Bremnes 5 2 1 2 10 12 7
9 Os 2 5 2 0 3 7 10

6

10 Laksevåg 5 1 0 4 11 17 3
11 Osterøy 5 1 0 4 9 21 3
12 Rosendal 5 0 0 5 6 17 0

Scoringstoppen

 

8 mål:

Christian Greve      Øygard

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

Mads Århus Fjeldstad Øygard

Steffen L. Skålevik    Øygard

 

7 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

Henning Aga Ny Krohnborg

 

6 mål:

Tommy Myksvoll Øygard

Christer Lund            Øygard

Stian Stenehjem      Loddefjord

Burhan Cinar   NHH

 

5 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik

Robert Hunt  Årstad

Terje Nidgardsøy Årstad

Thomas Langeland  Osterøy

Roar Olsen       Loddefjord

 

4 mål:

Trond Erik Feet   Rosendal

Frode Hellesø Laksevåg

(Kampen mellom Laksevåg og Os 2  5-1 mangler vi målscorere på.)

 

Neste runde med tippetips

 

16-06 19:00 Øygard - Trott 7-1 Galt! B Hengekamp. Trur Trott overrasker med seier.
17-06 19:00 Osterøy - Laksevåg 1-2   Galt! Viktig bunnkamp som OIL vinner.
20-06 13:00 Ny-Krohnborg - Øygard U Rundens toppkamp. Poengdeling.
20-06 15:00 Trott - Årstad H Trur på Trott atter ein gong.
20-06 15:00 Rosendal - Loddefjord H Første poenga til rosendal kjem til helga.

22-06 19:30 Os 2 - Valestrand Hjellvik Os 2 er sterke heime og vinner mot VH.