Årets første overhaling

FURUBAKKEN, VALESTRAND (VTV): Banemannskapet på Furubakken er i full gong med å halda heimebana til Valestrand Hjellvik i tipp-topp stand før oppkøyringa til ein ny fotballsesong startar for fullt...

BANEMEISTRANE 
PÅ FURUBAKKEN: Arne Valestrand (t.v.) og Rolf Reigstad har alt starta sesongoppkøyringa.Ikkje før er den verste nyttårsfrosten borte frå det dyrebare kunstgraset på Furubakken, før dei to banemeistrane i klubben er på plass med traktoren sin for å utføra årets første overhaling. Dette er viktig arbeid som må gjerast ofte og nøye.

Valestrand Hjellvik er heldige som har dei to arbeidsjerna Rolf Reigstad og Arne Valestrand i sine rekker på vedlikehaldsfronten. Banemeistrane på Furubakken legg ned mykje tid og krefter i å halda heimebana til fotballklubben i best mogeleg stand.

>>WEB-TV: Sjå innslag i Magasinet 2008

Denne laurdagsføremiddagen gjekk mellom anna med til å harva heile bana, og vhfk.no sin utsende merka sjølv kor mykje betre det er å gå på kunstgraset etter at dei to dugnadskarane har harva over det.Graset vert mjukare og luftigare, og mykje lettare å bevega seg på.
FULL OVERHALING: Harving av Furubakken-graset 
må til i ny og ne.
Kor ofte må så dette arbeidet gjerast? Vi spør Rolf Reigstad, som har vore med sidan byrjinga.  -Det er litt forskjel på kva utstyr vi brukar frå gong til gong.  I dag er det harving, og neste gong køyrer vi gjerne over med kostane.  Vi prøver å vera her ein gong i veka så godt det let seg gjera, svarer Reigstad. -Men med så godt utstyr, så går arbeidet nesten som ein leik, legg han til og peikar bort mot traktoren med harva på slep.

Det samlar seg også lett ein del lauv på graset, noko som ikkje er så lett å verta kvitt. Men her har Rolf Reigstad ein plan: -Eg har ein avtale med ein banemeister i Lindås om å få låna ein slags lauvsugar som dei har skaffa seg der ute. Dette utstyret skal visstnok vera veldig effektivt, og me bør nok snart prøva det ut her på Furubakken, seier ein entusiastisk banemeister til vhfk.no.