Årets første tap

Det vart tap i dagens kamp mot Øystese, som kom til Furubakken med eget TV-team og ivrige supporterar. Dermed var det ei perfekt ramme rundt kampen med nydelig påskesol og rundt 15 grader i lufta. Men på bana var det klabbeføre for heimelaget...

Allerede etter 10 minuttar låg den første ballen bak Robert Eikeland i VHFK-målet. Målscorar var Martin Lunestad som enkelt kunne setta inn 0-1 til Øystese.

Nokre minuttar seinare utlikna VHFK til 1-1 då Pål Tufta fekk stussa eit innkast i nettet. No var heimelaget inne i sin beste periode i kampen og hadde fleire store sjansar. Midtvegs i omgangen får gjestane corner, og nok ein gong får dei lett match mot Valestrandsforsvaret. Tomas Haugsøen gir gjestane ledelsen 1-2. Berre nokre minuttar seinare gjentar historia seg, og Erlend Grønner bankar inn 3-1  for Øystese. Heimelaget kan vel ikkje seia seg fornøyd med markeringa i eige felt på desse måla. I andre omgang reduserte VH til 2-3 ved Kalle Fiskå. Dermed øyna heimelaget muligheten, men det vart aldri fleire scoringar på Furubakken.

På overtid fekk Øystese ein mann utvist etter at han skubba ein Valestrandspelar i bakken.
No vert det spennande å sjå om Jo Solberg & Co klarar å få laget på skinner til fredagens kamp mot Trott. Då er det seriepoeng det gjeld...