Beste sesongstart i 4.divisjon

Aldri før har VHFK begynt sesongen med tre strake seirar.<br /> Årests sesongstart er den klart beste dei ti åra vi har vore i 4.divisjon. Sjølv ikkje i opprykksseongen-99 hadde VHFK ein så god start...

 

VHFK har ikkje vore kjent for å starta seongen med suksess, men dei siste sesongane har vore bedre.

Her kjem ei oversikt over korleis det har gått i dei første 3 kampane dei siste 10 åra.

 

Sesong V U T     Mål          Poeng
2000 0 0 3  3-8 0
2001 0 2 1  5-8 2
2002 0 2 1  5-7 2
2003 1 0 2  4-9 3
2004 0 2 1  3-5 2
2005 0 3 0  5-5 3
2006 2 1 0 11-7 7
2007 2 0 1 11-5  6
2008 2 0 1 11-8 6
2009 3 0 0 15-4 9

 

Historikk

I den 4.serierunden har VHFK for vane å gjera det svært bra. Heile seks gongar har det vorte seier og kun ein gong har laget tapt i akkurat denne runden. Vi må heilt tilbake til mai 2002 for å finna siste gongen laget tapte ein kamp i 4.serierunde.

No er det Rosendal som står for tur på Furubakken. Kampen går på søndag og heimelaget er storfavorittar til å ta den fjerde strake for sesongen. Då vil vi i tilfelle tangera sesong-rekorden frå 2005-sesongen. Då klarte Ove Hålands menn 4 kampar på rad med trepoengarar.

Same sesong spelte Valestrand Hjellvik åtte kampar på rad utan tap. Så vidt eg veit er dette klubbrekord i 4.divisjonshistoria vår.

I opprykkssesongen-99 hadde VH ein forferdeleg start med kun 1 poeng på dei to første kampane. Sesongavslutninga derimot skreiv seg inn i historiebøkene som den beste nokonsinne med 16 kampar på rad utan tap, men det var altså i 5.divisjon.

Vi har kun møtt Rosendal to gonger i seriesamanheng. Det var  i 2005-sesongen. Den gongen tapte vi 0-1 på heimebane og spelte uavgjort 1-1 i bortekampen. Vi kan vel sei det er på tide med ein seier mot laget frå Baroni-bygda etter kvart.

 

Visste du at Jo Solberg & Co ikkje har tapt ein seriekamp sidan 19.september,2008?

Dei avslutta fjorårs-sesongen med to strake og dermed kan vi sei at allerede no er det ny klubbrekord med 5 strake kampar utan tap i serien sjølv om det ligg ein lang vinter mellom nokon av kampane...