Bognøy klar for VHFK

Ein gledens dag i Valestrand Hjellvik!!! Stortalentet Kristoffer Bognøy er tilbake i stallen til Jo Solberg. Han gjekk til Fana før sesongstart, men spelte likevel fire kampar for VHFK i vårsesongen og noterte seg for to scoringar i årets sesong. No er han klar for nye utfordringar i storklubben på Osterøy...

Ove Håland seier til vhfk.no i dag at han er storfornøyd med den siste fangsten sin. Han var så glad at han reiste sporenstreks til Eidfjord og kjøpte seg ny bil. Denne meldinga tikka inn til webredaksjonen; Gratulerer med dagen, Kristoffer er i boks!!!

Han seier vidare at klubben vil strekka seg langt for å hjelpa stortalentet til å nå ambisjonane sine. VHFK skal vera eit springbrett for unge talenter og Bognøy har nok litt av kvart i vente...

 

Trenar Jo Solberg er også storfornøyd med å få tilbake den kraftfulle angriparen. Både Hovding og Arna Bjørnar har sikla etter underskrifta til Bognøy. Då vi spurte trenaren om kva som gjorde at Kristoffer Bognøy valgte VHFK i staden for klubbar som ligg høgare i divisjonssystemet svara han enkelt. -Valestrand!!!!

 

Dermed er den første forsterkningen klar for VHFK. Jo Solberg har tidlegare sagt at han vil styrka kvar lagdel med ein ny spelar. Han er svært fornøyd med den første.

Kristoffer Bognøy kan spela både på kanten og på topp. Det blir kamp om plassane til neste sesong og det lovar godt.

 

Ein kunne i dagens Bygdanytt lesa at Arna Bjørnar var ute etter underskrifta til Trygve Nilsen og Øyvind Thomassen. Trenaren meiner det er små sjansar for at dei vil forlata klubben.