Bognøy og Hansen til Fana?

FURUBAKKEN, VALESTRAND: To av Jo Solberg sine potensielle førstevalg den kommande sesongen har hamna i Fana sitt søkelys. 2. divisjonsklubben skal vera svært ihuga på å skaffa seg både Kristoffer Bognøy (bildet) og Frank Hansen i sine rekker...<br /><br /><br />

Dei to VHFK-spelarane har trent med Fana ei stund, og raudstripene skal vera svært interesserte i å sikra seg underskriftene til begge.

Frank Hansen har fleire sesongar bak seg i Fana frå tidlegareår, og er dermed ein spelar dei kjenner godt. Kristoffer Bognøy er ungog talentfull, og har vist seg godt fram på trening for Fana-laget.

Etter det vhfk.no kjenner til, vert det sannsynlegvis eiavgjerdsle seinare denne veka for begge spelarane. Vi kjem tilbake med meir så snart det er noko nytt...