Bognøy på veg til Fana

Kristoffer Bognøy ser ut til å verta den andre VHFK-spelaren som forlet Furubakken til fordel for Fana og 2. divisjonsspel denne sesongen. Ungguten frå Valestrand har endå ikkje signert for raudstripene, men alt tyder på at det skjer i næraste framtid...

Valestrand Hjellvik må dermed klara seg utan den hardtarbeidande18-åringen denne sesongen, og stallen til trenar Jo Solberg byrjar å verta i tynnaste laget for opprykksambisjonar. Spørsmålet no er om stallen skal styrkast før seriestart, eller om ambisjonane bør reduserast.

Kristoffer Bognøy har allerede gjort seg bemerka i Fana, og scora laget sitt einaste mål då dei tapte heile 5-1 mot Adeccolaget Løv-Ham denne helga. Held han fram på same måten, er det ikkje lenge før han er fast inventar i startellevaren til 2. divisjonslaget.