Bognøy tilbake !!!

Kristoffer Bognøy er klar for Valestrand Hjellvik etter ein periode i Fana med lite speletid. No vil han vera med å hjelpa VHFK opp i toppen igjen....

I utgangspunktet blir Bognøy lånt ut frå Fana til VHFK resten av sesongen. Hvis dei treng han tilbake før den tid er det ein månads varsel som gjeld.

Kristoffer Bognøy seier til vhfk.no i kveld at han ser på dette som eit springbrett til meir speletid i 2. divisjonsklubben. Han skal trena for fullt med byklubben og samtidig trena minst ein gong i veka med Valestrand Hjellvik. Kampane derimot spelar han for Joens utvalgte.

 

Dersom alt går i orden på kretskontoret i morgon blir Bognøy klar til laurdagens kamp mot Laksevåg, kan Jo Solberg melda seint i kveld.

Dermed kan det altså vera klart for eit aldri så lite comeback på Furubakken til helga. Vi er svært spente på å sjå kva ein spelesugen Kristoffer Bognøy kan få til mot bunnlaget Laksevåg på kunstgraset til helga....

 

PS!

No vert det litt kjekkare å gå på Furubakken for ein av gigantane frå VIFen sine glansdagar, Kåre Bognøy. I pur gledesrus over at sonen er tilbake i Valestrand Hjellvik-drakt legg vi ut eit flott bilde av Kåre Bognøy i ein kamp mot Osterøy ein gong på åttitalet. Får vi den tenninga som Kårn har på dette bildet fram i laurdagens kamp kan det bli kjekt å vera  Valestrandsupportar i helga...