Bremnes neste for A-laget

FURUBAKKEN, VALESTRAND: I dag reiser Joen og hans menn den lange vegen til Bremnes for å kjempa om tre nye poeng i den knallharde kampen om opprykk. Ein vanskeleg bortekamp mot eit lag som har tatt alle poenga sine på heimebane i år...

Bremnes har berre tapt ein heimekamp denne sesongen, medan dei på bortebane ikkje har tatt eitt einaste poeng. Kva grunnen til dette er kan vi berre spekulera i, men at gultrøyene er eit sterkt heimelag er det ingen tvil om. Berre Os 2 har klart å ta med seg tre poeng på ferja heimatt frå Bremnes i år, medan Loddefjord klarte uavgjort i det mållause mai-oppgjeret på Sentralidrettsanlegget.
Dette vert også den første seriekampen denne sesongen utan at VTV gjer opptak, og det vert difor ikkje mulig å visa eventuelle scoringar i ettertid.

Trott tapte gårsdagens heimekamp mot Os 2, sjølv om blåtrøyene putta fire ballar i Os-buret. Osingane vart for sterke og vann til slutt 4-6 på Rommetveit. Dermed kraup Os 2 heilt opp i ryggen på Joen og hans menn, og legg kraftig press på laget frå Furubakken før dagens kamp.
Opprykksrival Ny-Krohnborg møter Laksevåg på Krohnsminde i dag kl. 13.00, medan tabelltopp Øygard møter NHH i veka som kjem.