Busstur til Austevoll

På laurdag spelar Austevoll mot Os i play-off kamp om opprykk til 2. divisjon. Klarer Austevoll å vinna samanlagt av to kampar rykker VHFK opp i 3. divisjon. Rundt kl. 1400 i dag starta påmeldinga til busstur for dei som vil ha med seg opprykksthrilleren. Ein liten halvtime seinare var alle setene i minibussen frå Osterøy Taxi blåst vekk. No er Ove Håland i ferd med å fylla opp buss nr. 2...

- På under ein halvtime var bussen full, seier Ove Håland til Vhfk.no i dag. Vi tar framleis imot påmeldingar og håpar å fylla ein buss til.

Prisen er satt til 350.- kroner. Då er alle transportkostnader dekka frå du går ombord i bussen på Valestrand kai til du er tilbake på samme stad seinare om kvelden. (Buss kr. 200.- og bompengar/ferge 150.-)

 

Bussen går frå kaien kl. 11.30 og kjører om Osterøybrua. Kampen startar kl. 1430 på Austevoll Kunstgras.

 

Nytt sjansen til å ta deg ei laurdagsutflukt til vakre Austevoll og få med deg ein opprykksthriller av ein fotballkamp mellom dei oransjekledde Austevoll og Os!

 

Heia Austevoll! Heia Austevoll!!!