Bygdakampen

På laurdag brakar det laus på Furubakken Stadion. To lag som ikkje vil tapa... To lag som ikkje har råd å tapa...To lag som er nødt å vinna for å halda liv i draumane sine. Årets lokaloppgjer i 4. divisjon mellom VHFK og Osterøy startar kl.1500....

<<WEB-TV: Sjå Bygdakamp-promo

 

Valestrand Hjellvik ligg og kjempar i toppen av tabellen og vil med seier ligga kun to poeng bak sikker opprykksplass. Med tap mot Osterøy står VHFK mest sannsynleg igjen på stasjonen når opprykkstoget går i haust. Det kan bli tøft å ta inn fem poeng på Ny-Krohnborg og samtidig holda dei andre laga på tabellen bak oss. Øygard vil mest sannsynleg ligga 10 poeng foran oss på tabellen og det kan fort bli ei umuleg oppgåve for Joens menn å ta igjen.

 

Men nok snakk om tap.

Osterøy kan vi slå! Osterøy skal vi slå! Osterøy bør vi slå!

Dette er for mange den viktigaste kampen i år og det skal ikkje vera vanskeleg for Joen å tenna mannskapet sitt til denne kampen. Likevel er det viktig å ikkje ta for lett på oppgava. Det er lett å gå rundt å sei at vi ikkje undervurderer Osterøy, men det har vist seg før at ord ikkje alltid skapar handling. Her må ein verkeleg visa at ein meiner det. Bretta opp armane og gi alt for laget sitt, blø for drakta si, kjempa for bygda si...gi publikum det dei har komme for å sjå. Eit Valestrand-lag som står på frå start til slutt og ikkje gir seg før Osterøy-laget er knust til pinneved. Eit Osterøy-lag som går slukøyra heimatt te Lonevåg....for å sleika sine sår...

 

Det er klart for årets bygdakamp på Furubakken. På laurdag brakar det laus. Møt opp i god tid før kl. 1500 for å sikra deg ein sitteplass i ettermiddagssola. Bua er åpen med nedkjølande forfriskningar dersom det kokar over. VTV er på plass for å festa denne store begivenheten til filmrullane sine. Kjem Tv2 og filmar? Ikkje veit eg, men det bør dei. For dette er kampen ingen vil tapa og alle vil vinna. Ein klassikar! Rett og slett god tv -underhaldning. Kampen der alt kan skje.....på godt og vondt...