Debuterer mot Trott

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Sommarpausen er definitivt over, og det er endeleg klart for ein forrykande haustsesong på Furubakken. Joen og hans menn møter Trott i morgon (måndag), og nykommar Magnus Oppheim er klar for sin debutkamp i VHFK-drakta...

>>WEB-TV: Presentasjon av Magnus Oppheim


Trenar Jo Solberg er usikker på om nykomlingen startar morgondagens Furubakken-dyst, men lovar at måltjuven frå Åsane kjem innpå i løpet av kampen. Joen karakteriserer Magnus Oppheim som ein hurtig spelar med eit bra rykk, og trenaren føler seg sikker på at debutanten vil forsterka Furubakken-laget utover hausten.

 

Trott er eit lag Jo Solberg fryktar, og han meiner blåtrøyene frå Stord er sterkare enn fleire av laga som ligg framfor dei på tabellen. Dei som var på Prestegardsskogen i sesongopninga kan nok skriva under på akkurat dette. Då vart dei svarte og kvite overkøyrde av offansive og aggressive Trottspelarar den første halve timen, og var heldige som berre fekk to baklengs før dei snudde kampen. -Den kampen kunne fort vore avgjort før vi i det heile tatt kom inn i den, kommenterer trenar Solberg.

 

Valestrand Hjellvik er inne i sin tiande strake sesong i 4. divisjon, og tida er inne til å ta steget eitt hakk opp. Laget ligg på tredjeplass, og vil med full pott mot Trott i morgon fortsatt henga godt med i opprykkskampen. Med opprykksrival Ny-Krohnborg sin storsiger mot Årstad i går, har dei grøne frå Krohnsminde lagt eit aldri så lite press på Joen og hans menn før haustsesongen startar.

 

Det er svært viktig at Valestrandsfolket møter opp og støttar laget utover denne hausten. Mykje folk på Furubakken-tribuna er med på å få spelarane til å henta fram sitt aller beste, noko som vil skaffa laget fleire poeng i opprykkskampen.

Første etappe startar på Furubakken måndag kl. 19.00