DVD i salg no

Årets julepresang til alle VHFK-fans er klar: Ein dobbel DVD med godbitar frå A-laget sin 2009-sesong. Eit svært begrensa førsteopplag vert å få kjøpt i Valestrand Sentrum laurdag frå kl. 12.00. Førstemann til mølla...

VTV-redaksjonen har sett saman godbitar frå Valestrand Hjellvik sitt A-lag gjennom heile 2009-sesongen, og samla dei på to DVD-plater. Du kan kosa deg med høgdepunkt frå kampane, spektakulære scoringar og jubelscener utan sidestykke. Som bonus har vi lagt ved filmane som vart vist på Fotballfesten 2009. Til saman over 3 timar med deilige bilder av Furubakkens Heltar.

 

I morgon (laurdag) kl. 12.00 startar salget av årets DVD, og marknadsansvarleg i VTV, Bjarte Vatle, oppfordrar folk til å vera raske med å sikra seg årets heitaste julegåve.

-Førsteopplaget er ganske begrensa, så her gjeld det å komma seg til Valestrand Sentrum i tide, opplyser han til vhfk.no i kveld.