Fakta frå 4. serierunde

Målfest for Øygard og NHH. Loddefjord med årets første tap. Osterøy med sin første heimeseier i 4.divisjon på over fire og eit halvt år. Valestrand Hjellvik med sesongens fjerde strake seier mot bunnlaget Rosendal. Årets første uavgjortkamp kom på Kuventræ...

Øygard tok i går over tabelltoppen i 4.divisjon med nok eit "hockey" resultat. Dei vann 7-4 borte mot Laksevåg som leda kampen 25 minuttar før slutt. Så spørs det kor lenge havstrilane får liggja øverst på tabellen. VHFK vil med  poeng mot bunnlaget Rosendal igjen trona øverst, men også Os 2 vil krypa forbi Øygard med poeng i sin kamp mot Ny Krohnborg måndag.

 

NHH var tilbake på vinnarsporet då dei knuste Årstad 4-0 på bortebane. Årstad hadde nok ein gong problem i forsvaret, og har til no vore lekk som ein sil med 15 baklengs på fire kampar.

 

Trott vann 2-0 over Loddefjord og har etter kvart fått rista av seg den svake seriestarten.

Dermed vart Loddefjord påført årets første nederlag. Begge desse laga blir nok å rekna i toppen av tabellen framover.

 

På Osterøy Stadion har ikkje heimelaget vunne ein 4. divisjonskamp sidan 1. september 2004. Dei spelte heile 2005-sesongen utan heimesiger og måtte ta steget ned i femte. No er dei oppe igjen, og endeleg kunne dei gulgrønne heva armane over hovudet etter nitti minuttar på eige gras i ein 4. divisjonskamp. I ein forblåst kamp vann dei til slutt 3-1 over Bremnes, men seieren sat langt inne...

 

I mandagskampen som gjekk på Kuventræ kom årets første uavgjortkamp. Os 2 og Ny Krohnborg delte poenga i ein jevn og spennande kamp. Kampen endte 2-2 og målmaskina Tom Andre Axland tegna seg nok ein gong på scoringslista. Dette var den 6. scoringa hans for sesongen og han er mestscorande i divisjonen.


 

Før kampen VHFK - Rosendal


VHFK møter Rosendal på Furubakken i dag kl 1600. Heimelaget stiller med nesten fullt mannskap til dagens kamp. Kun Vegard Mjelstad manglar når Jo Solberg plukkar ut dei elleve som får starta. Dermed er det klart for ein spennande heimekamp mot eit lag vi aldri har slått i ein 4.divisjonskamp før. Sist laga møttest var i 2005-sesongen. Då tapte vi 0-1 på heimebane og spelte uavgjort 1-1 på bortebane. Men i dag vil truleg Trygve Nilsen & Co notera seg for nye scoringar og tre poeng mot bunnlaget Rosendal.

 

Etter kampen VHFK - Rosendal

 

Det vart litt over middels spennande då VHFK møtte Rosendal. Heimelaget gjekk til pause med ledelse 1-0, men burde avgjort kampen til sin fordel i 1. omgang. Andre omgang såg lenge ut til å bli eit mareritt for heimelaget. Først vart det dømt straffe etter mykje om og men. Den sørga for balanse i rekneskapet og ikkje lenge etter gjekk bortelaget opp i 2-1. I denne perioden var  Joens menn som tilskuara. Alt gjekk på tverke og publikum var nok begynt å belaga seg på årets første poengtap. Så tok sjefen nokre viktige sjakktrekk. Inn med nokre friske bein, meir tyngde framover og sjølvsagt tynnare bakover. Trur han var innom den noko uvanlege formasjonen 2-4-4 i sluttminuttane. Dette ga tilslutt full uttelling. Rosendal kjempa med nebb og klør med redningar på streken og litt hjelp frå stenger og høgare makter, men tilslutt fann Fiskå og Tysse vegen til nettmaskene.Elleville jubelscener på bana, bunkersen og tribuna. Mannane hadde vunne! Øyvind Tysse var dagens mann! Tabelltopp! Best i verden! I alle fall akkurat då....

 

Kampfakta 4.serierunde

 

Osterøy - Bremnes 3-1          Kampfakta

 

Trott - Loddefjord 2-0    Kampfakta

 

Årstad - NHH   0-4     Kampfakta

 

Laksevåg - Øygard 4-7    Kampfakta

 

Valestrand Hjellvik - Rosendal  3-2    Kampfakta

 

Os 2 - Ny Krohnborg  2-2   Kampfakta

 

 

Tabell

 

Lag K S U T MF MM P
Valestrand Hjellvik 4 4 0 0 18 6 12
Os 2 4 3 1 0 8 3 10
Øygard 4 3 0 1 22 11 9
Loddefjord 4 3 0 1 13 9 9
Ny Krohnborg 4 2 1 1 9 12 7
Trott 4 2 0 2 7 5 6
NHH 4 2 0 2 9 8 6
Osterøy 4 1 0 3 6 9 3
Laksevåg 4 1 0 3 8 14 3
Bremnes 4 1 0 3 6 12 3
Årstad 4 1 0 3 7 15 3
Rosendal 4 0 0 4 5 14 0

 

Scoringstoppen

 

6 mål:

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

 

5 mål:

Christian Greve      Øygard

Stian Stenehjem      Loddefjord

 

4 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

Steffen L. Skålevik    Øygard

Christer Lund            Øygard

Mads Århus Fjeldstad Øygard

 

3 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Thomas Langeland  Osterøy

Robert Hunt        Årstad

Roar Olsen       Loddefjord

Tommy Myksvoll Øygard

 

Neste runde med tippetips

 

14-05 18:30 Rosendal - Os 2 1-2  galt U Jevn kamp. Alt kan skje.
15-05 18:00 Ny-Krohnborg - Osterøy 6-0 Riktig H OIL har muligheter for poeng.
15-05 19:00 Øygard - Valestrand Hjellvik 5-1 galt U Toppkamp. Alt kan skje
15-05 19:00 Bremnes - Trott 2-1  galt B Trott er på vinnarsporet og tar 3 poeng
15-05 19:00 Loddefjord - Årstad 3-0 Riktig H Rundens sikreste H.
16-05 13:00 Norges Handelsh - Laksevåg 3-2 Riktig H NHH bør klare dette. Sikker H

 

Det vart 3 rette denne gongen. Skulle nok ikkje ha satsa på to uavgjorte...