Fakta frå 5. serierunde

Valestrand Hjellvik tapte toppkampen. Os 2 forsatt ubeseira. Stortap for Osterøy. Tett i toppen av tabellen. Les alt om 5. serierunde i 4. divisjon avd. 1...

Valestrand Hjellvik gjekk på årets første tap mot Øygard. Til pause stod det 1-1, men andre omgangen vil nok Joens menn fort gløyma. Heile fire scoringer måtte keeper Robert Eikeland henta ut av nettet i dei siste førtifem. Dermed gjekk Øygard forbi Valestrand og opp på andreplass på tabellen.

 

Os 2 toppar tabellen for første gong i år etter å ha slått Rosendal 2-1 borte. Det kan sjå ut til at Osingane blir farligare enn forventa og blir nok å rekna i toppkampen utover.

 

Osterøy gjekk på ein kjempesmell mot Ny Krohnborg og nærmar seg bunnen av tabellen. Bergensarane gav seg ikkje før dei hadde seks ballar i nettet. Dermed klarte ikkje Osterøy å fortsetta den fine trenden dei hadde med seier mot Bremnes.

 

Bremnes stod for rundens overraskelse då dei beseira opprykksfavoritt Trott med 2-1.  Etter å ha tapt tre kampar på rad, slo dei altså tilbake mot Trott og fekk seg tre etterlengta poeng.

Trott har ikkje fått den starten dei håpa på. På dei fem første kampane står dei bokført med kun seks poeng. Det er dei nok lite fornøyd med og vil heilt sikkert bita godt i frå seg i kampane som kjem.

 

Loddefjord og NHH vann sine kampar og har for alvor meldt seg på i opprykkskampen. Det skiller kun fire poeng mellom dei seks første laga på tabellen. Her blir det spennande i dei neste rundane då fleire av topplaga skal møtast innbyrdes. I bunnen slit fortsatt Rosendal med null poeng. Til helga møter dei Osterøy i bunnkamp og denne blir viktig for begge lag å ikkje tapa.

 

Resultater og kampfakta 5. serierunde

Kampfakta Rosendal - Os 2 1 - 2 Kampfakta 2
Kampfakta Ny-Krohnborg - Osterøy 6 - 0 Kampfakta2
Kampfakta Loddefjord - Årstad 3 - 0
Kampfakta Øygard - Valestrand Hjellvik 5 - 1 Kampfakta 2
Bremnes - Trott 2 - 1
Kampfakta Norges Handelsh - Laksevåg 3 - 2

 

Tabell

 

1 Os 2 5 4 1 0 10 4 13
2 Øygard 5 4 0 1 27 12 12
3 Valestrand Hjellvik 5 4 0 1 19 11 12
4 Loddefjord 5 4 0 1 16 9 12
5 Ny-Krohnborg 5 3 1 1 15 12 10
6 Norges Handelsh 5 3 0 2 12 10 9
7 Trott 5 2 0 3 8 7 6
8 Bremnes 5 2 0 3 8 13 6
9 Laksevåg 5 1 0 4 10 17 3
10 Osterøy 5 1 0 4 6 15 3
11 Årstad 5 1 0 4 7 18 3
12 Rosendal 5 0 0 5 6 16 0

 

Scoringstoppen

 

7 mål:

Steffen L. Skålevik    Øygard

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

 

5 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

Christer Lund            Øygard

Mads Århus Fjeldstad Øygard

Christian Greve      Øygard

Stian Stenehjem      Loddefjord

 

4 mål:

Roar Olsen       Loddefjord

Burhan Cinar   NHH

 

3 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Trond Erik Feet  Rosendal

Henning Jacobsen Laksevåg

Thomas Langeland  Osterøy

Robert Hunt        Årstad

Tommy Myksvoll Øygard

 

 

Neste Runde med tippetips

 

20-05 Bremnes - Norges Handelsh 4-1 Rett(7.runde) H Kan Bremnes overraske igjen?
23-05 Bremnes - Loddefjord 0-0 Galt B Sikker B
23-05 Laksevåg - Årstad 1-4  Galt H Vanskelig kamp. Satser på H
23-05 Trott - Ny-Krohnborg 1-2 Galt H Trur Trott reiser seg og vinn mot Ny Krohnb.
23-05 Osterøy - Rosendal 4-1 Galt B Årets første for Rosendal?
24-05 Valestrand Hjellvik - NHH 2-2 Riktig U Toppkamp. To gode lag. Poengdeling på Furubakken.

25-05 Os 2 - Øygard 1-2 Riktig B Rundens toppoppgjer. Os2 med årets første tap?

 

3 av 7 denne gangen. Ikke helt fornøyd med tippingen og vurderer halvgarderinger neste gang.