Fakta frå 6. serierunde

Osterøy knuste bunnlag. Trått for Trott. Øygard med tabelltopp etter seier i toppkampen. VHFK klarte uavgjort med ti mann.

 

Osterøy knuste Rosendal heile 4-1 på Hatland. To mål av Frode Evensen snudde kampen og Osterøy styrte  inn til ein komfortabel seier. Dette var klart den beste kampen av OIL så langt i år og seieren kunne vore større. Rosendal manglar forsatt poeng og det begynner å haste for baroni-laget. Den nye trenaren med solid landslagserfaring er etter det vi veit ferdig i klubben og nye krefter har overtatt. Dette har ikkje gitt resultater så langt...

 

Trott som var svært nær opprykk i fjor har fått ein katasrofal start på sesongen. Etter tapet mot VHFK på heimebane i serieopninga har vondt vorte verre og laget ligg med kun seks poeng på like mange kampar. Dermed er det vorte ei stor luke opp til topplaga i divisjonen for laget som satsa friskt på opprykk i år. Men det er mange kampar igjen og det er alt for tidlig å avskriva Trott endå.

 

Bremnes er i siget for tida. På onsdag vann dei ein framskutt kamp mot NHH og i går klarte dei uavgjort mot topplaget Loddefjord. Før det vann dei mot Trott og er ett av topplaga på formtabellen. Dermed har Bremnes tatt 7 poeng av 9 mulige mot antatt bedre motstandarar dei tre siste kampane.

 

VHFK møter NHH i dag kl. 1700 på Furubakken. Kun Henrik Horsås er ute av troppen til dagens kamp. Han har slitt med vannkoppar den siste veka og spelar ikkje mot NHH.

Dette blir ein vanskelig kamp for VHFK. Bortelaget har vore svært varierande og det er aldri lett å spå utfallet av NHH sine kampar. Det er eit studentlag og vi er midt i eksamenstida. Likevel trur vi dei mobiliserar ekstra mot VHFK. Vi håpar på tre nye poeng for heimelaget og tabelltopp etter kveldens kamp.

 

Oppdatering: VHFK berga uavgjort med ti mann mot NHH. Ein heller sjansefattig kamp der bortelaget hadde det meste av banespelet. VH kjempa godt i forsvar og med Øyvind Thomassen utvist midtveis i andre omgang kan vi sei oss fornøyd med eit poeng.

 

Rundens toppkamp går i morgon mellom Os 2 og Øygard. Osingane sine nest beste har ikkje tapt nokon kampar i år. Likevel trur vi det blir vanskelig å ta poeng mot opprykksfavoritt Øygard.

Oppdatering: Øygard trakk det lengste strået i toppkampen mot Os 2. Osingane tok raskt føringa i kampen og kunne fort leda med fleire mål tidlig i kampen. I kampens første angrep lurte Ramo Racic ballen forbi Øygard sin målvakt og det såg ut til at alt låg til rette for nok ein seier for Os 2. I andre omgang fekk derimot Øygard lønn for det aggressive presset og klarte å snu kampen med scoringar av to målkåte herremenn. Først kunne Christian Greve jubla over utligning og sitt 6. mål for sesongen for Øygard og eit kvarter før slutt kunne Steffen Lie Skålevik banka inn sitt 8. mål for sesongen.

 

Det er desverre ikkje mulig å få kampfakta frå alle kampar då enkelte lag er mildt sagt for dårlig på å oppdatera heimesidene sine. Verst i klassen vår er Årstad, Laksevåg, Rosendal og Bremnes.

På desse sidene skjer det omtrent ingen verdens ting. Vi får håpe dei skjerpar seg utover i sesongen. Best i klassen er Ny Krohnborg og Øygard som begge er raskt ute med nyheter om laga sine. VTV Magasinet vil i sommar laga ei uhøytidleg kåring av beste Web-side i 4.divisjon avd 1.

 

Resultater 6.serierunde

 

Os 2 - Øygard  Spilles mandag 1 - 2 Kampfakta
Trott - Ny-Krohnborg 1 - 2 Kampfakta
Osterøy - Rosendal 4 - 1 Kampfakta
Laksevåg - Årstad 1 - 4
Bremnes - Loddefjord 0 - 0 Kampfakta
Valestrand Hjellvik - Norges Handelsh 2- 2 Kampfakta
Runde 7
Bremnes- NHH 4- 1

 

Tabell

 

1 Øygard 6 5 0 1 29 13 15
2 Valestrand Hjellvik 6 4 1 1 21 13 13
3 Loddefjord 6 4 1 1 16 9 13
4 Os 2 6 4 1 1 11 6 13
5 Ny-Krohnborg 6 4 1 1 17 13 13
6 Norges Handelsh 7 3 1 3 15 16 10
7 Bremnes 7 3 1 3 12 14 10
8 Trott 6 2 0 4 9 9 6
9 Osterøy 6 2 0 4 10 16 6
10 Årstad 6 2 0 4 11 19 6
11 Laksevåg 6 1 0 5 11 21 3
12 Rosendal 6 0 0 6 7 20 0

 

 

Scoringstoppen

8 mål:

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

Steffen L. Skålevik    Øygard

6 mål:

Christer Lund            Øygard

5 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

Robert Hunt  Årstad

Mads Århus Fjeldstad Øygard

Christian Greve      Øygard

Stian Stenehjem      Loddefjord

 

4 mål:

Roar Olsen       Loddefjord

Burhan Cinar   NHH

 

3 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Trond Erik Feet  Rosendal

Ramo Racic  Os 2

Henning Aga  Ny Krohnborg

Henning Jacobsen Laksevåg

Thomas Langeland  Osterøy

Tommy Myksvoll Øygard

Jørgen Størksen Årstad

 

Neste runde med tippetips

 

26-05 20:00 Norges Handelsh - Ny-Krohnborg U Jevn kamp. Kan gå begge veier
29-05 19:00 Os 2 - Norges Handelsh Galt! H Lett match for formsterke Os
01-06 16:00 Ny-Krohnborg - Bremnes  Galt! U Jevn kamp. Kan gå begge veier
01-06 16:00 Øygard - Osterøy Riktig! Sikker H
01-06 16:00 Årstad - Valestrand Hjellvik Galt! Skal vi henge med i toppen må vi ha 3 poeng her.

01-06 16:00 Rosendal - Trott Riktig! B Dette bør Trott klare.
01-06 17:00 Loddefjord - Laksevåg Riktig! H Rundens sikreste