Fakta frå 8. serierunde

Valestrand Hjellvik tilbake på vinnarsporet med brakseier. Nytt tap for Osterøy. Ny Krohnborg vann toppkampen mot Loddefjord. Åtte tap for Rosendal. Les alt om den 8. runden i 4. divisjon avd.1...

VHFK kom endeleg tilbake på vinnarsporet i kampen mot Laksevåg. Etter at laget hadde ein fantastisk sesongåpning med fire strake sigrar kom kvardagen med tre kampar på rad utan trepoengarar. I laurdagens kamp  hadde Joen funne fram suksessoppskrifta frå serieopninga igjen og dermed vart stakkars Laksevåg knust heile 7-2 på Furubakken. Kristoffer Bognøy var tilbake i startoppstillinga og scora eit flott mål. Trygve Nilsen scora to mål og med sine sju mål totalt pustar han toppscorarane i avdelingen i nakken. Rayner Nygård (bildet) vart kåra til banens beste og fekk gavekort frå kampsponsoren Wagner- Norge

 

Osterøy gjekk på eit nytt tap i helga. Denne gongen vart det 3-4 tap heime mot NHH. Laget låg under med 3-0 før dei starta sluttspurten og scora tre gonger siste kvarteret, men NHH fekk inn det avgjerande målet i siste minutt og kunne feira tre poeng på graset på Hatland.

No ventar bunnlaga Årstad og Laksevåg for Osterøy og her har dei muligheten til å rista av seg nedrykksspøkelset...

 

Ny Krohnborg stakk av med alle tre poenga i toppkampen mot Loddefjord. Dermed har laget fått seg ei aldri så lita luke i toppen av tabellen, men Øygard som ligg fire poeng bak har to kampar tilgode på bylaget. VHFK har og ein kamp tilgode  og kan krypa heilt opp i ryggen med seier. Ingen nye mål for toppscorar Axland som no har hatt litt måltørke etter den fine sesongstarten han hadde...

 

Rosendal gjekk på sitt åttende tap på rad då Bremnes vann 3-1 på laurdag. No ventar tre topplag for bunnlaget som etter all sansynleghet står bokført med null poeng etter at halve sesongen er unnagjort. Det er vel heller lite truleg om Rosendal tar poeng mot Ny Krohnborg, Loddefjord eller Øygard...

 

Resultater 8. runde 4. divisjon avd. 1

 

Osterøy - Norges Handelsh 3 - 4
Kampfakta 2 Ny-Krohnborg - Loddefjord 3 - 1 Kampfakta
Øygard - Trott Uts.
Valestrand Hjellvik - Laksevåg 7 - 2 Kampfakta

Bremnes - Rosendal 3 - 1 Kampfakta
Os 2 - Årstad 3 - 0 Kampfakta

 

 

Tabell

Lag K S U T MF MM P
1 Ny-Krohnborg 9 7 1 1 25 14 22
2 Øygard 7 6 0 1 35 13 18
3 Valestrand Hjellvik 8 5 2 1 30 17 17
4 Loddefjord 8 5 1 2 19 13 16
5 Norges Handelsh 10 5 1 4 21 22 16
6 Os 2 8 5 1 2 14 8 16
7 Bremnes 9 4 1 4 15 17 13
8 Trott 7 3 0 4 14 10 9
9 Årstad 8 2 1 5 13 24 7
10 Osterøy 8 2 0 6 13 26 6
11 Laksevåg 8 1 0 7 14 30 3
12 Rosendal 8 0 0 8 9 28 0

 

Scoringstoppen

8 mål:

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

Mads Århus Fjeldstad Øygard

Steffen L. Skålevik    Øygard

 

7 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

 

6 mål:

Christer Lund            Øygard

Stian Stenehjem      Loddefjord

Christian Greve      Øygard

Henning Aga Ny Krohnborg

 

5 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Robert Hunt  Årstad

Burhan Cinar   NHH

 

4 mål:

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik

Trond Erik Feet   Rosendal

Roar Olsen       Loddefjord

Thomas Langeland  Osterøy

Tommy Myksvoll Øygard

Terje Nidgardsøy Årstad

Frode Hellesø Laksevåg

 

Neste Runde med tippetips

 

12-06 19:15 Øygard - Bremnes 8-3 Riktig!!! Bremnes blir for svake her.
13-06 13:00 Norges Handelsh - Trott 1-1 Galt Trott vinner igjen.
13-06 15:00 Rosendal - Ny-Krohnborg 2-3 Riktig! B NIL snubler ikke mot poengløse Rosendal.
13-06 15:00 Årstad - Osterøy 4-2 Galt Begge lag trenger 3 poeng. Vi trur på eit til kvar.

13-06 15:00 Loddefjord - Valestrand Hjellvik 2-3 Galt! (Heldigvis) Jevn kamp som begge lag må vinne for å henge med i toppen.
14-06 16:00 Laksevåg - Os 2 B Rundens sikreste.