Fest på Furubakken

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Hardtkjempande Osterøyspelarar gav Joen og hans menn kamp nesten til døra, og var med på å laga årets lokaloppgjer på Furubakken til ei svært publikumsvennleg festforestilling. Valestrandsguten Kristoffer Bognøy stod for eitt av kampens høgdepunkt (bildet) då han banka inn 2-2 like før pause...

Dei rundt 400 tilskuarane som hadde teke vegen til Furubakken i sommarvarmen laurdag fekk full valuta for inngongspengane, enten dei kom frå Rundhovde eller Reigstad, Lone eller Fitje. Osterøyspelarane såg ut til å ha høgast tenningsnivå frå kampstart, og opna friskt.

VHFK-spelarane vart nok tekne litt på senga i starten, og etter 7 minuttars spel vart Thomas Langeland spelt fint gjennom. Gjestane sin lynraske spiss gjorde ingen feil åleine med Robert Eikeland i VHFK-buret, og banka 1-0 i nettet frå spissen av femmeteren. Bortefansen på tribuna var i ekstase over knallstarten til gultrøyene.

Heimelaget vakna litt etter kalddusjen i starten, og kom etter kvart meir med i kampen. I det 26. minutt slo VHFK sin dødballekspert Are Bryhn eit glimrande hjørnespark som Kalle Fiskå banka i nettet ved første stolpe. Dermed stod det 1-1, og jubelen var stor både på bunkersen og tribuna.

Ti minuttar seinare var det bortelaget som igjen kunne jubla over nettkjenning og leiing. Eit innkast midt på VHFK sin banehalvdel vert stussa vidare inn i feltet, og i ein duell mellom Torbjørn Hovden og VHFK-kaptein Torgeir Rud meiner dommaren at sistnemnde brukar ulovlege midlar, og peikar på straffemerket. Den tidlegare VHFK-forsvararen Jens Lillefosse sette ballen kontant i nettet frå 11-meteren, og gjestane frå Hatland var nok ein gong i føringa.

Gultrøyene var ikkje like friske i føtene no når første omgang gjekk mot slutten, og heimelaget pressa på for ei utlikning fram mot pause. I det 43. minutt sender Jonas Hauge i veg eitt av sine superinnkast, og ved første stolpe går Øyvind Tysse til værs og header ballen ut til Kristoffer Bognøy. Ungguten frå Åsen brenner til frå 15 meters hald, og ballen går i ein fin bue før den landar i nettet like under tverrleggjaren til keeper Gjerstad i Osterøy-buret. Dermed går laga til pause med 2-2, og publikum stiller seg i is-køen ved salgsbua på Furubakken.

I andre omgang viser VHFK at det er forskjel på topp og bunn i 4. divisjon. Gjestane frå Hatland har sprunge i frå seg før pause, og har nesten ikkje avslutningar på mål i denne omgangen. Eit par-tre frispark som vert lempa inn i feltet som keepermat for Robert Eikeland, og eit skot frå Martin Dyvik som går eit par meter utanfor stolpen er det einaste gultrøyene har å by på etter sidebyte.

Heimelaget spelte seg til fleire store sjansar i andre omgang, og i det 52. minutt er det nok ein gong Are Bryhn som er nest sist på ballen. Frå 30 meter legg han frisparket inn i feltet, og Jonas Hauge stussar ballen i nettet med ryggen mot mål frå 7 meters hald. Dermed er heimelaget i leiing for første gong i kampen, og heimepublikummet føler seg trygge på tre poeng. Osterøyspelarane ser svært slitne ut, og VHFK rullar opp det eine angrepet etter det andre. Jonas Hauge har ein formkurve som peikar bratt oppover, og er også i denne kampen delaktig i mykje.

Sjølv om heimelaget burde scora mange fleire mål i denne kampen, vert det berre med Øyvind Thomassen sitt straffespark i det 65. minutt. Jonas Hauge vert dytta ned i feltet på eit hjørnespark, og kampens gode dommar peikar på straffemerket. Øyvind Thomassen er som vanleg sikkerheten sjølv, og bankar ballen forbi Einar Gjerstad i Osterøyburet. Dermed er Thomassen oppe i sju scoringar denne sesongen, og har teke att Trygve Nilsen i målprotokollen. Trygve Nilsen var sjuk, og gjekk glipp av denne kampen.

Dommartrioen klarte seg bra i sommarvarmen på Furubakken, sjølv om dommar Vidar Nordtveit såg ut til å leggja lista høgt frå starten. Han dømte eitt straffespark til kvart av laga, og begge var nok riktige. To Osterøyspelarar fekk gult kort, og det var nok også riktig dømt, sjølv om enkelte på tribuna meinte at Ronny Hansen burde hatt raudt kort for taklinga på Kristoffer Bognøy i første omgang. Alt i alt ein god dag på jobben frå dommartrioen.



KAMPFAKTA 4. DIV. AVD. 1

Valestrand Hjellvik - Osterøy  4-2 (2-2)
Furubakken Stadion
ca. 400 tilsk.

0-1 Thomas Langeland (7)
1-1 Karl Erik Fiskå (26)
1-2 Jens Lillefosse (str. 36)
2-2 Kristoffer Bognøy (43)
3-2 Jonas Hauge (52)
4-2 Øyvind Thomassen (str. 65)