Festfotball og reunion på bunkersen!

6-1! Me vant jo berre 6-1. Trass i at eg var begynt på ei sjuka, og feberen tok øvehand midtvegs i kampen, so va detta ein kamp so varma. På mange måta.

Til tider festfotball på Furubakken, oppimot 300 tilskuara, og god gammal stemning på bunkersen. Det er nokon år sia ein kunne stå på bunkersen i god tid før kampstart med alle flagg på plass (hvis ein ser vekk i frå da so forsvann på Grønskaret og so no vert brukt so laken tå ein eller an sokning).

Og da va kjekt å sjå at da kom sopass mykje folk opp på bunkersen. Og spesielt flott med so mykje youngsters. Håpa alle desse vert med utøve sesongen! Når ein i tillegg kunne sjå gamle supporter-storheta i fleng so måtte jo detta berre verta ein jubelkveld. Da e ikkje ofta at Laffen, Longhair, Johnny Ola, Capo Pezzio, Fat Tony, Prompen, Kniven, Maursyro, Hobbitten, Lee Bowyer og Don Juan e samla på bunkersen. Og då til og med Martin Makk steig opp på betongen, då va da so eg trudde at feberen va komme øve 40 og eg egentlig låg heima i senge og fantaserte. Vart ein del mimring innimellom songane i løpet av kampen for å sei da sånn.

Men først og fremst va da kanonbra stemning og songane ljoma utøve Furubakken. Joen viste muskla, spelarane viste mykje av da dei kan, da vrimla av autograf jægera og eg berre gleda meg til fortsettelsen. For da begynne å bli skikkelig gøy å sjå heltane spela fotball.

Og songane begynne å sitta sånn nokkenlunde og. Men me må nok ha ein Hoi-kveld for å øva inn litt fleire. Og so kan me vel ikkje synga: Me har ikkje tøysejente eller sokninga, for me har Henning Klovning i forsvar... 

Ja me har han i forsvar, ilag med ein sokning, og ein til lenger framme på banå. To Tysse-brødre so eg tru blir enormt viktige for oss i år. So den sangen skal me no sjå om me får fiksa på...

 

Men te helje e da på an igjen. På Krohnsminde mot Ny-Krohnborg. Dar tru eg VHFK treng all den støtte dei kan få ifrå sidelinjå.

Ellers lyt eg sei at da va veldig bra tabelltips-tv på VTV. Kjekt å liggja heima med sjukå å sjå på Bjartn sine tabbeltips. Mykje bra research dar. Men Øygard på topp? Eg må le.

Her e forøvrig mine tips for korleis tabellen ser ut når me e ferdig med sesongen 2009:

  1. Loddefjord
  2. Ny-Krohnborg
  3. VHFK
  4. Trott
  5. Bremnes
  6. Øygard
  7. Os2
  8. Osterøy
  9. NHH
  10. Årstad
  11. Laksevåg
  12. Rosendal