Fleire usikre før sesongpremiera

Tre spelarar er usikre før dagens kamp mot Trott. Trenar Jo Solberg håpar å få i alle fall ein av dei klar til kampstart i kveld kl 1900.

Dei tre spelarane som slit med skadar før kveldens kamp er Øyvind Tysse, Rayner Nygård og Pål  Tufta. Alle tre hadde nok vore høgaktuelle til å starta kampen mot Trott. No er det ikkje sikkert vi får sjå nokon av dei på bana i serieopninga. Dette vil nok svekka sjansane til tre poeng i "toppkampen". Dei  har banka inn tilsaman 16 mål i treningskampane i vinter og vore fast inventar på laget når dei har vore tilgjengelege.

Rayner slit med ei lårhøne og Pål har ein strekk, medan Øyvind Tysse har ein vond rygg som har plaga han ei stund.

Pål Tufta seier til vhfk.no at han spelar dersom Joen vil bruka han. Han har ikkje tenkt å reisa til Stord for å tape og lovar full tenning frå alle mann.

Ventetida er snart over, og bussen står klar til avreise om nokre timar. Det er vår i lufta, og supporterane luktar blod. Dei elleve utvalgte har bretta opp armane og er klar for å gje alt for Valestrand Hjellvik FK.

Det er klart for serieopning på Stord....