Frå Vidar til Valestrand

I dag vart rogalendingen Morten Frøland klar for Valestrand Hjellvik, og trenar Jo Solberg meiner 26-åringen fort kan bli ein publikumsfavoritt på Furubakken. Frøland var i år med på å sikra Stavangerklubben Vidar opprykk til 2. divisjon , og ser ut til å verta ei solid forsterkning i ein allerede sterk spelarstall...

Morten Frøland har trent med Valestrand Hjellvik dei to siste vekene, og trenaren er full av lovord om sin nye playmaker.

 

-Han har fin teknikk, god innsats og ein fin pasningsfot. Han kan fort verta ein publikumsfavoritt på Furubakken med dei kvalitetane, lovar Solberg  og samanliknar han med Tom Sivertsen og Are Bryhn. Med andre ord ei solid forsterkning til ein allerede sterk spelarstall.

 

Morten Frøland er kamerat med Karl Erik Fiskå, og det har nok hatt ein del å seie med tanke på klubbvalg. Han flytta til Bergen i år, og hans tidlegare klubb skal ha vore villige til å strekka seg langt for å få han heim til kampar i haust.

 

Den ferske VH-spelaren har dei siste åra spelt fast både i 2. og 3. divisjon for den tradisjonsrike Stavangerklubben Vidar, som tidlegare har hatt storspelarar som Brede Hangeland (Fulham) og eks-Spaniaproffen Frode Olsen i sine rekker.

Frøland kan spela i forsvar og sentralt på midtbana, og det blir spennande å sjå kor trenaren har tenkt å bruka han neste sesong.

 

Då gjenstår det berre å signera ny kontrakt med trenar Jo Solberg. I Bygdanytt denne veka kunne vi lesa at Jo Solberg kom til å skriva ny kontrakt dersom han fekk tre nye spelarar denne veka. No er alle tre på plass, og stallen til neste års sesong er stort sett klar med unntak av eitt lite spørsmålsteikn som enno gjenstår.

 

Vi spurte den eksentriske VH-trenaren i kveld om han er klar for ein ny sesong på Furubakken:

Har du bestemt deg?

-Det har eg.

Men eg har ikkje fått noko tilbod frå Ove Håland endå. Kanskje han synest laget er blitt så bra no at han vil trena dei sjølv,svarar den populære trenaren.

Då får vi sjå om klubbformann Ove Håland, som har hatt ei hektisk veke med signering av nye spelarar, kan få på plass kanskje den viktigaste brikka av dei alle; Onkel Conan - alias Jo Solberg.