Frank Hansen går til Fana

Frank Hansen har bestemt seg for å skriva under for Fana Fotball, og forsvarsspelaren forlet dermed Valestrand Hjellvik til fordel for spel i 2. divisjon...

Etter å ha vore itenkeboksen den siste veka, har Frank Hansen kome fram til at detfristar med spel to hakk over Furubakken-laget. Han satsar no på åavslutta karriera i klubben han tidlegare har spelt for i til samanåtte sesongar.

Hansen slit med ein skade han pådrog seg undersandfotball-landskamp i fjor sommar, og vil først bruka tid på å blikvitt denne. Så vil tida visa om han klarer å spela seg inn på laget iFana.

Det seier seg sjølv at Frank Hansen vil verta sakna i ValestrandHjellvik, når ein klubb som ligg to divisjonar over er ivrige etter åfå underskrifta hans. Spørsmålet no er om Jo Solberg har nokforsvarsspelarar, eller om klubben må ut på spelarmarknaden for å finnaerstatning for Hansen.

Kristoffer Bognøy skal ta ei avgjerdsle like over helga på om han endå ein sesong vil høyra songen sin frå bunkersen på Furubakken...