Furubakken fri for snø

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Etter iherdig dugnadsinnsats i fleire dagar, er kunstgraset på Furubakken endeleg fri for snø og klar for Bergan Bygg Cup som startar torsdag kveld...

Mange har delteke i snømåkinga dei siste dagane, og seint tysdag kveldvart bana erklært klar for kamp. Håpet er no at værgudane held snøenborte til over helga.
Formann i VHFK, Ove Håland, seier til vhfk.no at det ikkje vert aktueltå avlysa cupen. -Kampane i Bergan Bygg Cup skal spelast. Kjem det meirsnø, fjernar vi den også, er den overbevisande meldinga frå VHFK-sjefen.