Furubakken i nytt lys

FURUBAKKEN, VALESTRAND (VTV): Endeleg kan det spelast skikkeleg fotball på Furubakken også etter at vintermørkret har sige på. Nye lamper i lysmastene skal gje etterlengta lys til fotballspelarane i VHFK...<br />


>>WEB-TV: Nytt lysanlegg på Furubakken


HØGT OPPE: Stian Bognøy er oppe og skrur ned dei gamle lampene 
på Furubakken.
Dei to siste sesongane har det vore svært dårlege lysforhold påValestrand Hjellvik si heimebane. No vert dei gamle lampene skifta ut,slik at det kan trenast skikkeleg også på kveldstid. Nestformann iVHFK, Stian Bognøy, har hatt ansvaret for prosjektet som i desse dagarvert ferdigstilt på Furubakken.

Bognøy har sjølv stått i liften og skrudd ned dei gamle lampene,og fått på plass nye. Det er nok ikkje alle som misunner han denjobben. -Det svaiar jo litt i alt her oppe, men det går heilt greit,roper liftarbeidaren ned til vhfk.no sin utsende. -Så er det jo ein godlift Oven har fått tak i, legg han til og peikar bort på formann OveHåland som spelar litt fotball med sønene til dei to, medan Stian gjerhøgdejobben.

Formann Håland likar seg som kjent best på bakkenivå, og haringen problem med å vera barnevakt medan kompisen gjer hovudjobben. -Eghar alltid sagt at me kjem lengst dersom alle gjer det dei er best på.Og av desse oppgåvene er eg heilt klart best på barnepass, humrarHåland.
NYTT LYS: No vert det lysare tider på 
Furubakken
Eivind Mosevoll har teke seg av elektrikar-arbeidet, og dåvhfk.no var på Furubakken hadde han ei prøvekjøring av dei førstelampene som var ferdigmontert. Med under ein tredjedel av lampene ibruk, var lyset langt betre enn heile det gamle anlegget. Dermed serdet bokstavleg tala lyst ut for framtida på Furubakken, og det er berretil å starta kveldstreninga for VHFK-spelarar i alle aldrar.