Galgen ventar for B-laget

Det kan verta gjensyn med gamle Valestrandsguttar for VHFK sine nestbeste denne sesongen. Den forholdsvis ferske bergensklubben SK Galgen kjem på Furubakken-besøk for å måla krefter med B-laget...

Hordaland Fotballkrets har sett opp puljene i årets 7. divisjon, og Valestrand Hjellvik sitt B-lag (VHFK 2) skal spela i avd. 3 denne sesongen. Her møter dei mellom andre nokre lag dei aldri før har spelt mot.

Eitt av desse er SK Galgen, ein klubb som såg dagens lys hausten 2007 og har sitt utspring ved den gamle rettarplassen Galgebakken på Nordnes. På klubben si heimeside finn vi spelarstallen, som inneheld ikkje mindre enn fire Valestrandsgutar. Rohan Håland og Kim Stamnes var med å stifta klubben, medan Torjus Raknes og John Einar Tveiten har kome inn som forsterkningar seinare. Dei to sistnemnde spelte for VHFK 2 seinast i 2008.

Rohan Håland står bak utviklinga av ei glimrande webside, og SK Galgen framstår svært profft på internett. Spørsmålet er korleis laget, som spelte sjuarfotball i sin debutsesong, klarer overgangen til spel på stor bane. Uansett vert det ein spennande motstandar for VHFK sine nestbeste.

Andre "nye" motstanderar for B-laget denne sesongen er Ragnarok FK og Bergenstjerne FK. Førstnemnde lag spelte heile fjorårssesongen utan å vinna, og enda på sisteplass med fattige to poeng. Bergenstjerne FK stilte ikkje lag i fjor, og er vanskeleg å finna opplysningar om.

I tillegg vert det også lokaloppgjer å gle seg til også for B-laget denne sesongen. Fotlandsvåger tilbake i same pulje som VHFK 2, og det er dermed duka for god gammaldags bygdakamp opptil fleire gonger dette året.

Dei sterkaste laga i avd. 3 ser ut til å verta Løv-Ham 3 og Djerv 3, dersom vi ser ut frå fjorårssesongen. Begge lag kjempa då om opprykk til 6. divisjon.

7.div Menn avd 03 - sesongen 2009
Lyngbø 3
Ragnarok FK
Frøya 3
Bergenstjernene
Djerv 3
Løv-Ham 3
Galgen
Valestrand Hjellvik 2
Fotlandsvåg