Gje grasrotandelen til klubben din

Norsk Tipping vil gje ein del av spelemidlane tilbake til grasrota, og det er no DU som bestemmer kven som skal få ditt bidrag. Her kan du vera med å støtta klubben din kvar gong du tippar...

Frå 1. mars i år kan du som spelar hos Norsk Tipping bestemmekva for eit lag eller forening i lokalmiljøet som skal motta inntil femprosent av det beløpet du spelar for. Grasrotandelen går ikkje utoverinnsatsen eller premien din, men kjem i tillegg til det du spelar for.Forutsetninga er at laget eller foreninga er registrert iFrivillighetsregisteret.

Spelarkortet til Norsk Tipping er sjølve nøkkelen tilGrasrotandelen. Du må altså spela registrert for å kunne gje inntil femprosent av innsatsen din til den organisasjonen eller foreninga duynskjer. Når du har funne fram til den du vil støtta, vert detteregistrert på deg som spelar. Dermed sikrar du at mottakaren din blirstøtta kvar gong du speler – sjølvsagt utan at det går ut overinnsatsen eller premien din. Grasrotandelen gjeld på alle spela tilNorsk Tipping, utanom Flax og Extra.

Det har ingenting å seie om du taper eller vinn på spelet ditt.Du vert heller ikkje belasta noko for å vera grasrotgjevar. Har du foreksempel spelt for 100 kroner på Lotto, gjev Norsk Tipping fem kronersom går direkte til den mottakaren du sjølv har plukka ut. Premien dinvert like stor – uansett om du nyttar deg av Grasrotandelen eller ikkje.

Når du skal levere spel frå og med mars 2009, vil du verta gjortmerksam på at Grasrotandelen fins. Denne informasjonen vil møte deguansett om du stikk spelarkortet ditt inn i terminalen hjå einkommisjonær, skal spele via norsk-tipping.no, på ein speleterminaleller om du speler via mobilen. Grasrotandelen er med andre ordtilgjengeleg i alle dei ulike spelekanalene Norsk Tipping har.

Når du har funne deg ein mottakar til Grasrotandelen, vert detavsett pengar til denne for kvart einaste spel du leverer. Sjølv omordninga startar i mars, vil den ha tilbakevirkande kraft frå 1. januarav. Det betyr at når du vel deg ein mottakar du vil støtta, så vil denforeninga eller klubben motta grasrotandel av det du har spelt for sålangt i 2009.