Har du lyst på is?

På laurdag spelar Valestrand Hjellvik ein av sesongens viktigaste kampar. Motstandar er Loddefjord som ligg på plassen bak oss på tabellen. Med seier i denne kampen er vi sikra tredjeplass i serien som kan bety opprykk. Stiller du i drakt eller anna supportarutstyr lovar formann Ove Håland gratis is i bua. Finn fram Vhfk-sjal og hue. Har du ei gammal drakt liggande på loftet, sa du? Finn ho fram og møt opp på Furubakken laurdag kl. 14.55. Då rekk du akkurat å henta deg ein is i bua før innmarsjen begynna...

Likar du ikkje is?

For dei som synest at det er litt seint på året for å leska seg på ein kald is, lovar formann Ove Håland gratis kaffi istaden. Det er berre å få på seg supporterutstyr i ein eller annan form.

 

-Det er skikkeleg is. Ekte kroneis som er sponsa av vår gode samarbeidspartnar Sundolitt, eller Brødrene Sunde om du vil, seier Ove Håland i ein kommentar til vhfk.no

 

Møt opp på Furubakken og hjelp Valestrand Hjellvik til tre nye poeng i kampen mot Loddefjord. Dette er årets viktigaste kamp til no. Serien er snart slutt og dette er nest siste heimekampen. Siste kampen på Furubakken går mot Os 2, og kan fort verta ein rein opprykksfinale.