Hat

Da ein gong me traff nokre kara frå Knarvikje på ein pub sø i bydn. Dei va so øvegovne og lurte på ka gale dei hadde gjort siå me hata dei so felt. – De e då naboklubben vår! De spela foppal i sama puljo som oss! Da e vår fordømte plikt å hata dekå!

Dei lo godt og restn tå kveldn sku visa seg å verta ein uforglemmelig opplevelse. Me vart hengande i lag med desse karane frå Knarvikje, for rundt frå pub te pub, hadde da rasande skøy mens me hata kvarandre intenst heilt te kranane stengte, me vinka farvel og traska heim.

 

So har ein desse oppom feriste då….. Dar har ein vel to typa. Dei som e øvebevist om at alle frå VHFK supportera hata dei og e fryktelig skuffa, øvegåvne, nedbrutte og uforståande til da. Eller dei som som trur dei blir hata intenst og syns da e litt stas.

 

Begge tek nok dessverre litt feil akkurat dar…..

 

Da har faktisk vore forsvinnande lite grunna til å hata denne næraste naboklubben dei siste åra. So vidt eg kan huska har vel ikkje OIL ein gong scora mål på Valstrand Hjellvik siå ein gong i førre årtusen, eit årtusen som var meir hugsa for vikingtid, svartedauden og dansketida.

 

Ja, ja…. Greit nok. Dei får slengt etter seg ein ny bana, kunstgras eller ein idrettshall av kommunen i ny og ne, men reint sportslig e da i alle fall ikkje mykje å byggja på. Dessutn fekk no VIF’en 2000,- blanke krone hjå kommunen i si tid for at dei hadde heva standarden på kommunens eigedom med nokre millionar. Kanskje derfor ”kommunens representant” var so opptatt med å belæra om hat i talen då ho delte ut den flotte pengegåva.

 

Men da va no ein digresjon.

 

Nei dar har vore skuffande lite å byggja på dei siste årna. Då har da vore meir å henta borti Knarvikje elle når dei har vore på besøk her. Da har vore forsmedlige tap, skamfulle tap, sure tap, tette kampa, heldige knepne sigra og sist men ikkje minst den grusome 3-3 kampen. Kampen som går inn i historiebøkena til VIF’en på dei svartaste siena. Kampen som skulle vore opptakten te ei perfekt helg. Kampen som var so godt som vunne då uret passerte 94 minutt. Kampen som av ein eller an grunn varte 5 minutt lenger. Kjartan-kampen. (I skrivende stund har eg no 10 minutts pause for å besinna meg)

 

Dei har so mykje og dei mangla so mykje og dei hadde so mykje….. Før va dei faktisk ein del tå oss, elle da vil sei me styrte dei dar borti. Dei va underlagt Hamre kommune og fekk antakele prestahånde på seg i rett kyrkja.

 

So hadde dei ferja….. ette 94’ har da vel egentlig berre gått nerøve med dei dar borte.

”Ta historien om bygde som fekk bru og møste ferjo og sin sjel….”

 

 

Nei for å gjera ein long historie kort

 

Nor#¤$dl@nd Ballklubb hata me! (Meir enn berre av plikt)

Osterøy IL – Tja, dei får no fram skrattn.

 

Ad Interim

Og te helje e da bygdakamp.........

FT