Høstjakta har starta

Øygard med knepen seier. Ny Krohnborg vann stort på bortebane. Gamle heltar ordna storseier for Laksevåg. Valestrand Hjellvik tok tre viktige poeng i målkalas. Osterøy tapte stort.

Øygard vann 2-1 borte mot Loddefjord og befesta sin posisjon på toppen av tabellen med sin 11. strake trepoengar.  Loddefjord var klart best i første omgang, men fekk aldri ballen i mål. I andre omgang styrte Øygard kampen og storscorarane Mads Århus Fjeldstad (10 mål) og Steffen Skålevik (9 mål) lurte ballen i mål kvar sin gong. Dermed var kampen avgjort før avdelingens toppscorar Stian Stenehjem (11 mål) reduserte og fastsette sluttresultatet til 1-2.  Øygard har no 10 poeng ned til VHFK på 3. plass, og dermed ser det ut til at dei blåkledde frå Sotra tar den eine av to opprykksplassar i årets sesong.

 

Ny Krohnborg knuste Årstad heile 6-2 på bortebane i går, og la dermed eit skikkeleg press på laga bak seg i kampen om den andre opprykksplassen. Mirza Mahmutovic vart dagens mann med hat-trick. I tillegg scora Tom Andre Axland to mål og klatrar med det til andre plass på scoringstoppen i avdelinga.

 

Det var dei gamle heltars aften i Lyngbø Idrettspark i går då Laksevåg slo Bremnes. Frode Hellesø åpna scoringsballet etter ein halv time, og ordna enkelt 1- 0 til heimelaget. Like før pause var han frampå igjen, og då Pål Inge Sæbø ordna 3- 0 minuttet etter var kampen avgjort før laga gjekk til pause. Tidleg i andre omgang la Kent Bergset på til 4-0, før Kristian Innvær scora sitt første for sesongen for Bremnes. Med den sterke 4-1 seieren har no Laksevåg fått heng på laga framfor på tabellen, og er på god veg bort frå bunnstriden.

 

Før kampen

 

Valestrand Hjellvik møter Trott kl. 1900 i kveld på Furubakken. Skal VHFK henga med i opprykkskampen er det livsviktig med tre poeng i den kampen. Begge topplaga vann sine kampar denne runden, og har fått ei aldri så lita luke ned til våre heltar. Med seier i kveld er vi tilbake i utfordrar-rolla og vil med det legga press på Ny Krohnborg og Øygard i kommande kampar. Det blir også spennande å sjå om Jo Solberg finn plass til nykommaren Magnus Opheim i Pål Tufta sitt fråvær. Møt opp og ver med å hjelpa VHFK til tre nye poeng.

 

Osterøy ligg nest sist på tabellen og har heile seks poeng opp til neste lag. I kveld møter dei Os 2 på Kuventræ og må ha poeng for å halda liv i håpet om 4. divisjonspel neste sesong.

Mange skader har ødelagt mykje for Osterøy i år. Det har blitt knepne tap i mange kampar. No er det kniven på strupen for Osterøy, og laget må nok bretta opp armane og gå til kamp med full innsats og vilje dersom plassen skal reddast. Vi trur på poeng i kveldens kamp.

 

Rosendal sin kamp mot NHH er utsett til 19. august.

Etter kampen

Valestrand Hjellvik tok tre uhyre viktige poeng i kampen mot Trott. Kampen bølga fram og tilbake, men tilslutt var det debutant Magnus Opheim som fiksa tre poeng for heimelaget i ein kamp som endte 4-3 til VH. Trygve Nilsen scora to og er no oppe i 9 fulltreffarar i sesongen.

 

Osterøy gjekk på ein ny smell i kveldens kamp mot Os 2. Fire ballar måtte Osterøy-keeperen plukka ut av nettet. Dermed ser det heilsvart ut for bunnlaget som kun har Rosendal bak seg på tabellen. Det begynner i tillegg og bli langt opp til trygg grunn for OIL.

12. serierunde

19-08 19:00 Rosendal - Norges Handelsh Utsatt Rosendal Stadion

Loddefjord - Øygard 1 - 2 Kampfakta
Årstad - Ny-Krohnborg 2 - 6 Kampfakta
Laksevåg - Bremnes 4 - 1
Valestrand Hjellvik - Trott 4-3  Kampfakta
Os 2 - Osterøy 4-0

Tabell 4 Divisjon avd 1

1 Øygard 12 11 0 1 56 19 33
2 Ny-Krohnborg 12 9 1 2 35 20 28
3 Valestrand Hjellvik 12 8 2 2 42 29 26
4 Os 2 12 7 1 4 28 19 22
5 Loddefjord 12 6 1 5 29 26 19
6 Norges Handelsh 11 5 2 4 22 23 17
7 Trott 12 5 1 6 30 23 16
8 Bremnes 12 4 1 7 19 31 13
9 Årstad 12 4 1 7 21 37 13
10 Laksevåg 12 4 0 8 26 39 12
11 Osterøy 12 2 0 10 18 40 6
12 Rosendal 11 1 0 10 15 35 3

 

Scoringstoppen

11 mål:

Stian Stenehjem      Loddefjord

 

10 mål:

Mads Århus Fjeldstad Øygard

Tom Andre Axland  Ny Krohnborg

 

9 mål:

Trygve Nilsen    Valestrand Hjellvik

Henning Aga Ny Krohnborg

Steffen L. Skålevik    Øygard

 

8 mål:

Christian Greve      Øygard

 

7 mål:

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik

Christer Lund            Øygard

Robert Hunt  Årstad

Thomas Langeland  Osterøy

Frode Hellesø  Laksevåg

 

6 mål:

Tommy Myksvoll Øygard

Burhan Cinar   NHH

Pål Inge Sæbø  Laksevåg

 

5 mål:

Are Bryhn       Valestrand Hjellvik

Mirza Mahmutovic  Ny Krohnborg

Morten Hillestad  Trott

Terje Nidgardsøy Årstad

Jørgen Størksen Årstad

Roar Olsen       Loddefjord

Marius Takvam Øygard

Trond Erik Feet   Rosendal

 

Neste runde med tippetips

 

14-08 19:00 Trott - Os 2 Dette klarer Trott hjemme.

15-08 13:00 Ny-Krohnborg - Laksevåg H U  Kan Laksevåg ta poeng?
15-08 15:00 Rosendal - Årstad H B  Åpen kamp. Begge må vinne
15-08 15:00 Osterøy - Loddefjord B Sikker B
15-08 15:00 Bremnes - Valestrand Hjellvik H U Bremnes har tatt alle poenga sine på heimebane i år og gjer det igjen.
26-08 19:00 Øygard - Norges Handelsh H Sikker H