Joen hentar målmaskin

FURUBAKKEN, VALESTRAND: A-trenar Jo Solberg har vore ute på spelarmarknaden og henta inn ein ny angripar før haustsesongen startar. Storscorar og måltjuv Magnus Oppheim er klar for klubben, og vil gje trenaren fleire kort å spela med utover hausten...

Magnus Oppheim har tidlegare vore toppscorar for begge dei to 3. divisjonsklubbane Tertnes og Sandviken, og han vert hjå desse klubbane omtala som måltjuv og storscorar.

 

Trenar Jo Solberg er svært fornøyd med å få styrka angrepet sitt før ein knallhard og nervepirrande haustsesong, og forventar no fleire scoringar. -Magnus har  vore toppscorar i to tidlegare klubbar, så me får håpa han puttar nokre for oss også, seier VHFK-trenaren.

 

Vi kjem snart tilbake med meir om den nye VHFK-spelaren, og håpar å få til eit intervju på VTV så  snart som mulig.