Joen sin tredje

Jo Solberg går inn i sin tredje sesong som trenar for A-laget til Valestrand Hjellvik, og stiller i år med ein endå sterkare stall enn dei to føregåande sesongane...

Sesongen 2007 var Joen sin første som trenar for A-laget tilValestrand Hjellvik, og laget enda til slutt trygt plassert midt påtabellen. Sjetteplass med 30 poeng, og 21 poeng opp til opprykksplass.I målprotokollen dette året enda det såvidt i minus, med 50-51.

Fjorårssesongen gjekk betre for VHFK-trenaren, og laget hansklatra til tredjeplass på tabellen. Poengfangsten steig med sju, og detvar no berre 12 poeng opp til opprykksplassen. Også i målprotokollenvar det betring, med fem fleire mål i pluss, og seks færre ballar ieige nett (56-45).

Skal Joen og laget hans forbetra desse tala i 2009, er sjansensvært stor for at dei spelar i 3. divisjon året etter. Slik det ser utved årsskiftet, vil årets stall verta vesentleg sterkare enn i 2008.Fire nye spelarar har kome til, og alle desse har erfaring frå høgaredivisjonar. I tillegg har det vore snakk om at Vegard Mjelstad kanskjegjer comeback i VHFK-trøya etter eitt års avbrekk.

Når det gjeld spelarar i avgang, er det berre Christian Raknessom har lagt støvlane på hylla, medan Horsås-brørne Henrik og Øysteinhar gjeve signal om at dei vil ta ein pause frå fotballen. Ellers erfjorårsstallen til Jo Solberg intakt etter det vhfk.no erfarer.