Kalle Fiskå skreiv under

Kalle Fiskå skreiv i dag under ny treårskontrakt med VHFK. Det var ein svært fornøgd formann i klubben som kunne avsløra denne gladmeldinga i dag. Fleire klubbar har vore interessert i Kalle Fiskå i høst, men for han var det aldri noko tvil om kor han skulle spela dei neste åra...

Kalle Fiskå har dei siste sesongane spelt i forsvaret til VHFK. Han er ein av dei spelarane trenar Jo Solberg har brukt mest dei siste åra.  Han har spelt seg inn i hjertna til supportarane og allerede blitt ein av Furubakkens største heltar. No tar han altså tre nye år i klubben og trenar Jo Solberg er svært fornøyd med signeringen.

Kalle Fiskå har spelt samtlige kampar for VHFK i år og ligg heilt i toppen på trenaren sin populære børs. Kanskje det blir han som stikk av med årets spelar trofeet i år?

Han har notert seg for to scoringar i årets sesong og dei fleste huskar nok den viktige scoringen han hadde mot Osterøy i våroppgjeret best.

 

- Med Kalle på plass ser det lyst ut for neste sesong, seier formann i klubben Ove Håland til vhfk.no i dag. Det er viktig at spelarar som han gir så tydelege signal om at dei vil bli i klubben sjølv om det ikkje vart opprykk i år. No treng vi alle mann til neste års satsning for opprykk.

 

Det har vore stor interesse for spelarane til VHFK i høst. Derfor er det no viktig å avklara kven som blir med vidare. Først ut er altså forsvarsbautaen Kalle "Rambo" Fiskå.

Vi ønsker Kalle lykke til med tre nye år i VHFK-drakta.

Her kan du lesa kva Bygdanytt  skreiv om "Rambo" i 2007-sesongen. Artikkelen stod også i Bt.no

 

Les artikkel her!