Kamp VHFK - Austevoll/Selbjørn søndag kl. 17:00

Me gler oss til fyrste kamp som går på Furubakken søndag 19. april kl. 17:00 mot Austevoll/Selbjørn. Frammøte er seinast kl. 16:15.

Det er alltid ein viss spenning med fyrste kamp, og me veit heller ingenting om motstandaren.


Ekstra spennande er det at 9 Haus-jenter er me oss i år. Dette er veldig kjekt og har fåttt til at me er heile 20 jenter. Eg føler at jentene er i ferd med å bli ei veldig god gruppe som i tillegg til fotball kan ha ein verdifull sosial møteplass no når dei går over i ungdomstida.

Me skal spela 18 kampar dette året, noko som er ganske mykje, men samtidig er me 20 spelarar som skal vera med å få spela, så me treng alle desse kampane. Me håpar at me kan vera med å kniva om seieren i dei fleste av kampane.

Me håpar også at foreldre, sysken, besteforeldre og andre stiller på kampane, slik at me får ei best mogleg sosial ramme rundt kampane.

 

Rune.