Klare for Bergan Bygg Cup

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Årets Bergan Bygg Cup vert eit godt gammaldags Osterøymeisterskap i fotball, der alle fire klubbane på øya er representerte. I år er turneringsreglane også med på å gjera det heil litt meir spennande...

Fotballentusiastane på heile Osterøy kan om ei drøy veke få eitlite innblikk i korleis stoda er hjå dei fire A-stallane rundtom påøya. Bergan Bygg Cup 2009 er eit reint Osterøymeisterskap, der allemøter alle over tre dagar, og vinnaren får eitt napp i den storevandrepokalen.

Osterøy IL er tittelforsvarar, og må nok saman medarrangørklubben VHFK finna seg i å bera eit favorittstempel under åretscup. Sjølv om Fotlandsvåg og Hausvik får henholdsvis tre og to mål istartbonus mot dei to 4. divisjonslaga, trur dei fleste dette vil ståmellom OIL og VHFK. Desse to møtest også i den siste kampen laurdag.

Laurdagskvelden vert det stor fotballbankett på Bari Pizzeria,med premieutdeling og fri entrè for alle som har delteke under cupen.Utpå kvelden vil Espen Gjerstad stå for musikken. Her kjem litt faktaom årets Bergan Bygg Cup:

STATUS VANDREPOKAL:

Osterøy IL – vinner 2008 – 1 napp


Vandrepokal vert delt ut til odel og eige til første lag med 3 napp.

PROGRAM BERGAN BYGG CUP 2009:

Torsdag 19.februar:

Kl. 17.30 Hausvik FK – Osterøy IL
Kl. 19.30 VHFK – Fotlandsvåg IL

Fredag 20.februar:
Kl. 17.30 Osterøy – Fotlandsvåg
Kl. 19.30 VHFK – Hausvik

Lørdag 21.februar:
Kl. 14.00 Fotlandsvåg – Hausvik
Kl. 16.00 VHFK – Osterøy

Kl. 19.30 Bankett på Bari Pizzeria, Valestrand

m/premieutdeling til vinnarlaget og beste spelar i turneringa.
Espen Gjerstad spelar frå ca. kl. 22.00. (Fri entrè for alle spelarar og trenarar i turneringa).

TURNERINGSREGLER:
Turneringen spilles som serie

Tabellen justeres etter poeng, målforskjell, flestscorende mål, innbyrdes oppgjør.
Dersom fremdeles likt: straffesparkkonkurranse.

Divisjonsforskjell mellom lagene gir en ”kampstartbonus” på 1 mål pr.divisjon som blir tildelt det laget med lavest divisjonsstatus.

Ellers gjelder vanlige fotballregler.